
Er du sjukepleiar- eller vernepleiar student? Me tilbyr stipendavtale og helgestilling!
Stipendavtale
Me søker deg som er engasjert, omsorgsfull og ønsker verdifull erfaring ved sidan av studiet!
Hauatunet er eit døgnbemanna bufellesskap for 8 personar med psykiske lidingar, som har behov for stabilitet, omsorg og støtte i kvardagen.
Me har ledig helgestillingar på ca 14- 25%, med arbeid 3. kvar helg. Når du får stipendavtale med kommunen har du allereie sikra deg sommarjobb påfølgande år!
Kva får du jobba med hos oss?
- Miljøarbeid
- Tilrettelegging og hjelp til daglege gjeremål
- Behandling, individuelle samtalar, rettleiing
- Samarbeid
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Årsturnus- som gjer meir fleksibilitet
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettegoder som blant anna gratis parkering.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Kommunen har ein eigen god ordning med studentlønn, i tillegg til stipendavtalen.
Kvalifikasjonar:
- Sjukepleiar/vernepleiar student - må dokumenterast
- Søkar må ha sertifikat, bruk av eigen bil kan førekomme.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Personlege eigenskapar:
- Reflektert, engasjert og løysingsorientert.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med bebuarane, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar.
- Robust, trygg og open personlegheit.
- God arbeidskapasitet, er utholdande og tolmodig.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Stipendavtale:
Vindafjord kommune kan tilby sjukepleiar- og vernepleiarstudentar det som truleg er den beste stipendordninga i distriktet. Du vil ha mogligheit til å jobbe ekstravakter ut over din avtalte stillingsprosent og velje den arbeidstidsordninga som passer deg best. Det blir lagt vekt på at du sjølv skal ha stor påverknad på kva helger i året som passer best for deg å jobba. Har du søkt sjukepleiar-/vernepleiarstudie, men ikkje fått svar, kan du og søkja, men avtale vil ikkje bli gitt før ein kan leggja fram dokumentasjon på mottatt studieplass. Innkomne søknadane vil bli handsama fortløpande under utlysingstida.
Stipendavtaler skrives for eit år om gongen.
Alternativ 1:
Forpliktande arbeidstid: Kvar 3. helg, minumum to vakter pr. helg. Avtale inngås frå medio august 2025 til medio august 2026. Under hovudferieavviklinga på 8 veker, må du arbeida minimum 75% stilling i 5 veker inkl. 2-3 helger.
1. årsstudent | kr. 20.000 |
2. årsstudent | kr. 25.000 |
3. årsstudent | kr. 30.000 |
Alternativ 2:
Forpliktande arbeidstid: Kvar 2. helg, minimum to vakter pr. helg. Avtale inngås frå medio august 2025 til medio august 2026. Under hovudferieavviklinga på 8 veker, må du arbeida minimum 75% stilling i 5 veker inkl. 2-3 helger.
1. årsstudent | kr. 25.000 |
2. årsstudent | kr. 30.000 |
3. årsstudent | kr. 35.000 |
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
25/2436
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
11.08.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Hauatunet bufellesskap
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen