Vindafjord kommune

Vil du vere med å leie og vidareutvikle helsetilbodet i Sandeid fengsel?

Avdelingsleiar

Helseavdelinga i Sandeid fengsel søkjer ein engasjert og fagleg sterk avdelingsleiar. Me ser etter deg som vil vere med å vidareutvikle eit viktig helsetilbod, og som trivst med å kombinere leiaroppgåver og klinisk  arbeid i eit variert og meinigsfullt arbeid.

Fast 100% stilling på dagtid.

Sandeid fengsel er kategorisert som eit opent fengsel med lav sikkerheit, og har ein kapasitet på 88 innsette. Sandeid fengsel har eit variert tilbod kva gjeld aktivitetar/arbeid på dagtid, enten dette dreier seg om opplæring/skule eller praktisk arbeid.

 Kva får du jobba med hos oss?

  • Oppfølging, koordinering, rettleiing,- og undervisning.
  • Individuelle samtalar og medisinoppfølging.
  • Samarbeid med tilsynslege, spesialisthelsetenesta, skule og kriminalomsorga.
  • Labratoriearbeid.
  • Personalansvar og dagleg drift av helseavdelinga.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Kandidatar med vidareutdanning i psykisk helse og rus oppfordrast til å søka.
  • Leiarerfaring er ønskeleg.
  • Erfaring frå psykisk helse -/rusfeltet er ein fordel.
  • God IKT - kompetanse og erfaring med elektronsik pasientjournal.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. 

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert, løysingsorientert og relasjonsbyggjande.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
  • Strukturert og god på å prioritere i ein hektisk kvardag.
  • Robust, trygg og open, med høg arbeidskapasitet.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Alle som skal jobbe i fengselet må igjennom ein sikkerheits klarering.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Fylke:

  • Vestland
  • Rogaland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.09.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sandeid fengsel - helseavdelinga

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: