Vindafjord kommune

Helsefagarbeidar med hjarte for bebuarane

Helsefagarbeidar 80-100%

Vil du vere med og skape ein trygg og god kvardag for våre bebuarar?

Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter søkjer engasjerte helsefagarbeidarar som vil bidra til å vidareutvikle våre tenester og sikre høg kvalitet i omsorga. Hos oss får du jobbe i eit inkluderande og tverrfagleg miljø, der bebuarane står i sentrum. Jo fleire me er - jo betre kvalitet på tenesta og gode arbeidsdagar for tilsette! 

Me ønskjer fleire med på laga på begge hus og på alle avdelingar samt natt. Du skriv i søknaden din kvar du kunne tenkt deg å arbeide (hus og avdeling). Du kan og sende ein open søknad! 

Kva får du jobba med hos oss?

  • Bidra aktivt til å skape eit trygt og godt bumiljø for bebuarane.
  • Utføre helsefaglege oppgåver som kartlegging (t.d. NEWS), oppfølging, pleieplanar, tiltak og medikamenthandtering.
  • Ha kontakt med pårørande og samarbeid med lege.
  • Delta i og bidra til palliasjonsomsorg.
  • Rettleie kollegaer og studentar, og delta i tverrfagleg samarbeid.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling og kvalitetsforbetring av tenestene.

Me kan tilby:

  • Arbeidstidsordningar slik du ønskjer: dag/kveld, reine langvakter eller ein kombinasjon langvakter/dag/kveld. Natt kan og kombinerast med dag/kveld. Helg kvar tredje eller kvar fjerde. 
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.

Lønn: 

  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
  • 10 000,- over garantilønn ved arbeid dag/kveld
  • 40 000,- over garantilønn ved arbeid på natt
  • Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. 

Personlege eigenskapar:

  • Du brenn for å yte gode tenester i eldreomsorga og for bebuarane.
  • Du har interesse for faget og held deg oppdatert – og likar å finne nye måtar å arbeide på.
  • Du har eit sterkt ønskje om å arbeide med menneske med komplekse og varierande hjelpebehov.
  • Du er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet og trivst med hektiske arbeidsdagar.
  • Du arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta.
  • Du er framoverlent og leitar etter gode tiltak for å gi best mogleg tenester – bebuaren kjem først!
  • Du er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingar – som sjukepleiar gjer du sjukepleiaroppgåver!
  • Du verdset eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/2574

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

26.08.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Vindafjordtunet/ Ølen omsorgssenter

Kontaktpersonar:

Annelin Bauge (Einingsleiar)

tlf: +47 53655904

mob: +47 97657778

Bjørghild Lunde (Vindafjordtunet)

tlf: +47 53656928

mob: +47 90690455

Hanne Hegerland Skjold (Ølen omsorgssenter)

tlf: +47 53656007

mob: +47 90238768

Hege Skeie (Vindafjordtunet)

tlf: +47 53655912

mob: +47 90874992

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: