Etne Vindafjord barnevernteneste

Har du eit klart hovud og varmt hjarte?

Kontaktpersonar i barneverntenesta

Er du engasjert i barn og unge og vil ha ein meiningsfull og viktig jobb? Me har ledig to faste 100% stillingar som kontaktpersonar (sakshandsamarar) i Etne Vindafjord barnevernteneste i perioden.
 
 
Etne Vindafjord barnevernteneste er samansett av ulike team:
  • Melding, undersøking og hjelpetiltak (MUT).
  • Omsorg (oppfølging av barn i fosterheim og andre plasseringar utanfor heimen) og ettervern (oppfølging av ungdom mellom 18 og 25 år).
  • Miljøarbeidarar (tiltak i form av oppfølging i heimen, oppfølging i ettervern og tilsyn under samvær)
Barneverntenesta mottek rettleiing og miljøterapeutiske tiltak frå Familieteamet i kommunen. Hjå oss er me opptekne av brukarmedverknad, samarbeid med familien og barnets stemme. Dette forutsett at våre tilsette har gode kommunikasjonsferdigheiter, evne til å danne relasjonar og har eit positivt menneskesyn.
 
I arbeidet i barneverntenesta møter ein menneske i kriser og ein involverar seg i komplekse familiesituasjonar. Då er det viktig at ein kan vera omsorgsfull og tydeleg, og at ein evnar å handtere og tåle konfliktar og sterke kjensler.
 
Kvardagen i barneverntenesta er prega av varierte dagar, både i høve arbeidsoppgåver og tidspress. Ein må trivast med eit høgt tempo og evne å strukturere sin eigen arbeidskvardag. Som kontaktperson i barneverntenesta må ein vera robust og ha fokus på sjølvivaretaking. Tenesta er opptekne av oppfølging av dei tilsette både i høve deira faglege utvikling, oppfølging i sakene og personleg utvikling. Dette føregår i individuell rettleiing, fagmøte i tenesta, fagutvikling for team eller heile tenesta, og i fellesskapet med kollegaer.
 
Arbeidet utførast i hovudsak på dagtid, men nokon timar med ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast.
 
Me treng nokon som evnar å jobbe målretta og som kan konkretisere og dokumentere arbeid og utvikling i saker. Barneverntenesta har ei omfattande dokumentasjonsplikt og ein må vera førebudd på kontinuerleg skrivearbeid som ein del av kvardagen. Ein del av dokumentasjonsarbeidet handlar om å analysere og vurdere dei opplysningar ein har, for å gjere barnevernfaglege vurderingar utifrå barnets beste. Godt arbeidsmiljø er ein viktig føresetnad for å gjere ein god jobb, å gje god oppfølging til brukarane våre og å utvikle seg fagleg. Etne Vindafjord barnevernteneste mottok i 2024 arbeidsmiljøprisen for Vindafjord kommune og me jobbar målretta med å ha eit positivt og ivaretakande arbeidsmiljø.
 
Hovudarbeidsoppgåver:
  • Sakshandsaming knytt til barnevernlova og oppfølging av enkeltsaker.
  • Oppfølging av saker inneber samtalar med barn, samtalar med foreldre, observasjonar av samspel, heimebesøk og tilsynsbesøk.
  • Deltaking i og leiing av samarbeidsmøte med instansar.
  • Skriftleg dokumentasjon av barneverntenesta sitt arbeid og våre vurderingar fortløpande.
  • Førebuing til og vitnemål i rettsprosessar for nemnd og tingrett.
Kvalifikasjonar:
  • Treårig høgskuleutdanning, fortrinnsvis bachelor i barnevern eller sosionom. Andre relevante utdanningar kan vurderast.
  • God formidlingsevne i norsk, munnleg og skriftleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
  • Førarkort klasse B.
  • Det må framvisast politiattest for å jobba i barneverntenesta.
Personlege eigenskapar:
  • Trygg og tillitsvekkande.
  • Positiv og løysingsorientert.
  • Evne til å jobba effektivt og strukturere eigen arbeidsdag.
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men også vera ein del av eit fagleg team.
  • Evne til nytenking, kritisk refleksjon og opptatt av personleg fagleg utvikling.
  • Evne til å motivere for endring og å sjølv vera endrings- og utviklingsfokusert.
  • Evne til samarbeid med familiar, samarbeidspartnarar og kollegaer.
  • Ei god kollega og ei støtte for dine medarbeidarar.
  • Opptatt av eit positivt menneskesyn og brukarmedverknad.
Personlege eigenskapar vil bli særskilt vektlagt.
 
Me kan tilby:
  • Eit kollegafellesskap som består av engasjerte og faglege sterke sosialarbeidarar som er opptekne av å gjere ein forskjell for familiane me jobbar med og for å skape ein god arbeidsplass.
  • God opplæring over tid og tilbod om relevant fagleg påfyll og moglegheit for ulike former for kompetanseheving. Til dømes vidareutdanningar og ulike kurs og sertifiseringar.
  • Tilhøyra i eit team der ein får drøfte faglege synspunkter og utfordringar, samt lære av kvarandre.
  • Tett oppfølging frå kollegaer i kvardagen og jamleg individuell rettleiing, både i opplæringa og i arbeidskvardagen vidare.
  • Ein fleksibel og variert arbeidskvardag, der ein får vera med å forma arbeidsdagane sjølv.
Som tilsett i Vindafjord kommune:
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Slik søker du: 
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
 
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

26/2019

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

21.08.26

Tiltreding:

01.10.26

Arbeidsstad:

Ølen

Kontaktpersonar:

Turid Askeland

mob: 92094199

E-post: turid.askeland@vindafjord.kommune.no

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: