Nå kan du få jobbe som logoped i ein tverrfagleg og utviklingsorientert PP-teneste
Logoped 100% fast stilling
Logoped 100% fast stilling frå 01.10.2026.
Stillinga er plassert i Pedagogisk-psykologisk teneste for Etne og Vindafjord kommune. PP-tenesta er ei verksemd med 7 fagstillingar i tillegg til leiar og merkantil, der ein av stillingane er logoped. PP-tenesta er organsiert under skuleeigar i Vindafjord kommune.
Vårt team består av ein engasjert, modig og framoverlent gjeng med eit godt arbeidsmiljø og mange dyktige fagpersonar. Me er opptekne av inkluderande praksis som ser samanhengen mellom det allmennpedagogiske og spesialpedagogiske.
Me støttar barnehagar og skular med å leggje opplæringa betre til rette for å fremma inkludering, utvikling og læringsutbytte for barn og elevar. Dette skjer gjennom førebyggjing og tidleg innsats. I det førebyggjande arbeidet har me som mål å bidra til kompetanseutvikling og robuste system i konteksten som barnet/eleven er ein del av. PP-tenesta har også ei sakkyndig rolle som inneber utarbeiding av sakkyndig vurdering der barnehagelova og opplæringslova krev det.
Stillinga vil ha ein sentral plass i tenesta sitt arbeid med logopedisk rettleiing og oppfylgjing i barnehage og skule, samtalar med barn og unge og systemretta arbeid knytt til språk i barnehagar og skular. Me legg vekt på å nytta den unike fagkompetansen til kvar enkelt medarbeidar. Satsingsområde og fagprofil er inkluderande pedagogikk og nyare utviklingspsykologi med fokus på relasjonar og samspel, førebyggjing, tidleg intervensjon og pedagogisk/psykologisk utviklingsarbeid.
Kva får du jobba med hos oss
- Logopedisk oppfølging av barn i barnehagealder og elevar i grunnskule
- Rettleiing til føresette og tilsette i barnehage og skule
- Arbeid med utgreiing: Utgreiing av språk og talevanskar, rapportskriving, sakkunnig vurdering og deltaking i tilbakemeldingsmøter
- Samarbeid internt og eksternt, deltaking i ulike team m.m.
- Rettleiing på systemretta arbeid med språk i barnehagar og skular
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent logopedutdanning på mastergradsnivå eller tilsvarande utdaning som kvalifisrer for arbeid som logoped.
- Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg.
- Erfaring frå pedagogisk-psykologisk teneste, skule eller barnehage er ein fordel
- Kompetanse innan språ-, tale- og kommunikasjonsvanskar er ønskjeleg.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Førarkort klasse B.
- Det er ønskjeleg med grunnskule- eller barnehagelærarbakgrunn.
Personlege eigenskapar:
- Er ansvarsbevisst, punktleg og påliteleg
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Gode samarbeids- og relasjonsferdigheiter
- Arbeidar sjølvstendig, strukturert og målretta
- Lojal
- Kvalitetsorientert
- Positiv
- Trivst med tverrfagleg samarbeid
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Anna:
- Søkjar må kunna bruka eigen bil i tenesta.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
26/2018
Fylke:
- Vestland
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
02.08.2026
Tiltreding:
01.10.2026
Arbeidsstad:
Rådhuset Ølen
Kontaktpersonar:
tlf: +47 53655712
mob: +47 92080622
Adresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen