Vindafjord kommune

Vil du ha ein spennande jobb på kultur- og læringssenteret?

Bibliotek- og kulturmedarbeidar

Vindafjord bibliotek er eit moderne bibliotek med mykje spennande aktivitet. Me søkjer deg som har interesse for kultur- og bibliotekfagleg verksemd til ein 50% vikarstilling f.o.m. 10.08.2026 t.o.m 31.05.2027, med mogleg forlenging. Du vil jobba i team saman med dyktige kollegaer frå fleire ulike fagfelt. Biblioteket er ein del av Kultur og læring, ei innovativ og aktiv eining med mykje tverfagleg samarbeid som du vil bli ein del av. For oss er mangfald og inkludering viktige verdiar. Vaktordningar som inkluderar dag, kveld og helg må ein rekna med.

Kva får du jobba med hjå oss?

Dine hovudarbeidsoppgåver vil vera: 

  • Aktiv formidling
  • Digital formidling
  • Samlingspleie
  • Utlån, rettleiing og anna publikumsretta arbeid
  • Planlegging og gjennomføring av ulike kulturrelle aktivitetar og arrangement retta mot alle aldrar

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning innan bibliotek, informasjonsvitskap og eller litteraturvitskap
  • Annan relevant utdanning og eller erfaring kan også vera aktuelt 
  • Erfaring frå bibliotek og eller skulebibliotek er ønskeleg 
  • Erfaring og interesse innan bibliotekfaget 
  • God digital kompetanse er ein førestenad
  • Meistra norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk

Personlege eigenskapar:

  • Ein omsorgsfull og trygg vaksen
  • God evne til å inspirera og motivera til leseglede  
  • God evne til samarbeid og refleksjon
  • Løysingsorientert og systematisk, både sjølvstendig og i team
  • Serviceinstilt

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. 

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

26/1930

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

02.07.2026

Tiltreding:

10.08.2026

Arbeidsstad:

Kultur- og læringssenteret

Kontaktpersonar:

Ane Kesia Eide Fatland

Stilling: Einingsleiar Kultur og læring

tlf: +47 48099251

E-post: ane.kesia.fatland@vindafjord.kommune.no

Silje Holden Birkeland

Stilling: Biblioteksjef

tlf: +47 46745481

mob: +47 46745481

E-post: silje.holden.birkeland@vindafjord.kommune.no

Adresse:

Sjøperlo, Dreganesvegen 40 5580 Ølen

Kart: