Vindafjord kommune

Ledig stilling for deg som brenn for kunnskap og kultur.

Bibliotekar

Vindafjord bibliotek er eit moderne bibliotek med mykje spennande kulturell aktivitet. Me søkjer ein kollega med god forståing og interesse for bibliotekfagleg verksemd til eit vikariat i 100 % stilling f.o.m. 01.09.2026- t.o.m. 30.04.2027, med mogleg forlenging. Du vil jobba i team saman med dyktige kollegaer frå fleire ulike fagfelt. Biblioteket er ein del av eit aktivt hus med kultur- og skuleverksemd og mykje tverrfagleg samarbeid, som du blir ein del av. For oss er mangfald og inkludering viktige verdiar. Vaktordningar som inkluderar dag, kveld og helg må du rekna med. Vakter i biblioteket si avdeling i Sandeid fengsel kan også bli aktuelt. 

Kva får du jobba med hjå oss?

Dine hovudarbeidsoppgåver vil vera: 

  • Aktiv formidling
  • Digital formidling
  • Samlingspleie
  • Bok i butikk
  • Utlån, rettleiing og anna publikumsretta arbeid
  • Ulike aktivitetar og arrangement retta mot alle aldrar

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning innan bibliotek, informasjonsvitskap og eller litteraturvitskap
  • Annan relevant utdanning og eller erfaring kan også vera aktuelt 
  • Erfaring frå bibliotek og eller skulebibliotek er ønskeleg 
  • God digital kompetanse er ein føresetnad
  • Sertifikat klasse B 
  • Meistra godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk

Personlege eigenskapar:

  • Ein omsorgsfull og trygg vaksen
  • God evne til å inspirera og motivera til leseglede  
  • God evne til samarbeid og refleksjon
  • Løysingsorientert og systematisk, både sjølvstendig og i team
  • Gode språk- og kommunikasjonsevne er ein føresetnad

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. 

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

26/1928

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

06.07.2026

Tiltreding:

01.09.2027

Arbeidsstad:

Kultur- og læringssenteret

Kontaktpersonar:

Ane Kesia Eide Fatland

Stilling: Einingsleiar Kultur og læring

tlf: +47 48099251

E-post: ane.kesia.fatland@vindafjord.kommune.no

Silje Holden Birkeland

Stilling: Biblioteksjef

tlf: +47 46745481

mob: +47 46745481

E-post: silje.holden.birkeland@vindafjord.kommune.no

Adresse:

Sjøperlo, Dreganesvegen 40 5580 Ølen

Kart: