Kulturskulen er ein spennande og kreativ arbeidsplass.
Danselærar
Vindafjord kultuskule har ledig vikariat som danselærar i 40% for neste skuleår. Kulturskulen er ei avdeling i eining Kultur- og læring held til i kultur- og læringssenteret på Sjøperlo i Ølen. Me gjer merksam på at det blir lyst ut tilsvarande stilling i Tysvær kulturskule og Haugesund kulturskule. Skulane vil gjerne leggja til rette for at dei tre stillingane kan kombinerast.
Kva får du jobba med hos oss?
- Undervisning i dans for elevar i ulike aldersgrupper.
- Medverka til kollegialt samarbeid.
- Planleggja og gjennomføra førestellingar.
- Koreografera dansar tilpassa elevgruppene.
- Kontakt med elevar og føresette.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Allsidig kompetanse i dansefaget.
- Evne til å tilpassa undervisningsopplegg til ulike grupper og stilartar.
- Kreativitet og evne til å insiprera andre.
- Dyktig til å kommunisera og å skapa kontakt med barn og unge.
- God klasseleiing.
- Norsk som undervisningsspråk.
Det er ønskjeleg at du har:
- Høgskuleutdanning i dansefaget.
- Førarkort klasse B.
- Pedagogisk kompetanse.
- Erfaring frå ulike stilartar innan dans.
Me legg stor vekt på personlege eignaheit. I tillegg til å ha gode samarbeidsevne og vera ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet, ser me etter deg som har desse eigenskapane:
- Sjølvstendig
- Ansvarsfull
- Kreativ og inspirerandne og glad i å skapa.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Før tilsetting må du leggje fram godkjent politiattest.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
26/2023
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Kveld
Søknadsfrist:
03.08.2026
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Kultur- og læringssenteret
Kontaktpersonar:
Halvor Hem
Stilling: Avdelingsleiar kulturskule
mob: +47 47864687
E-post: halvor.hem@vindafjord.kommune.no
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Sjøperlo, Dreganesvegen 40 5580 Ølen