Er du ein engasjert person som ønsker å gjer ein forskjell?
Assistent institusjon
Bli ein viktig del av teamet vårt på Ølen omsorgssenter, der me arbeider saman for å skapa ein trygg og god heim for bebuarane våre. Me søkjer no ein assistent til ei spennande fast stilling i 80–100 % på somatisk langtidsavdeling.
Hos oss får du moglegheit til å jobba i eit fagleg sterkt og støttande miljø, med varierte oppgåver som gir deg både utvikling og meistring. Kanskje er dette også eit steg på vegen mot fagbrev?
Om Ølen omsorgssenter:
Ølen omsorgssenter har 15 plassar på somatisk langtidsavdeling og 13 plassar på korttids- og rehabiliteringsavdeling. Me har eige kjøkken som lagar mat kvar dag, og tilsynslege tilgjengeleg to dagar i veka.
I same bygg finn du også heimebaserte tenester, fysio- og ergoterapitenesta, vaksinekontor og dagsenter.
Me nyttar årsturnus som går frå februar til februar, der du har moglegheit til å legge inn eigne ønskjer.
Hos oss ønskjer me eit ope og inkluderande arbeidsmiljø, med kort veg til engasjerte leiarar som lyttar til dine idear. Me legg til rette for at medarbeidarane våre skal få utvikla seg fagleg og innan eigne interessefelt, og at dei skal ha ein arbeidshverdag som motiverer og engasjerer.
Me er i stadig utvikling, og ønskjer å kome i kontakt med deg som vil vere med på å gjere ein forskjell i eldreomsorga. Ikkje nøl med å ta kontakt dersom du har spørsmål.
Du kan også sjekke Facebook-sidene våre (Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter) dersom du ønskjer å bli betre kjend med oss.
Kva får du jobba med hos oss?
- Stell og pleie av bebuarar etter opplæring
- Deltakande i måltid
- Praktiske - daglegdagse oppgåver som skyllerom, sengeskift mm
- Dokumentasjon
- Miljøretta arbeid i avdeling individretta mot enkelt bebuarar eller felles
- Primærgruppeoppgåver og ressursarbeid
- Bidra direkte til å gi bebuarane våre ein veldig god plass å bu og gode tenester.
- Rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerlig utvikling av tenestene våre.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg utvikling og meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Gratis e-læringskurs på Veiledaren og NHI, samt fast fagdag/timar kvar 6. veke.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor: KOR'e Vindafjord
- Eigen helgeavtale: Meir lønn for fleire helgetimar du arbeidar- gjerne gjennom langvakter.
- Særavtale med kompensasjon på 500 kr for kvar langvakt du går laurdag/søndag
- Ein av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
Kvalifikasjonar:
- God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal vil vera ein fordel.
- Har interesse for arbeid med menneske med komplekse og varierte hjelpebehov.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Me tenker at du:
- Er ein positiv bidragsytar til arbeidsmiljøet, med ei bevisst haldning til korleis du påverkar kollegaene dine, og arbeider aktivt for eit godt samarbeidsklima der alle vert høyrde og respekterte.
- Har eit sterkt fokus på bebuarane sine behov, og jobbar målretta for å sikre gode og trygge tenester – bebuaren kjem først.
- Er løysingsorientert og oppteken av kontinuerleg forbetring, både for bebuarar og kollegaer.
- Tek initiativ til å finne gode tiltak og arbeidsmåtar.
- Har fagleg interesse og held deg oppdatert.
- Likar å utforske og ta i bruk nye måtar å arbeide på.
- Arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta.
- Handterer til tider hektiske arbeidsdagar på ein god måte.
- Er fleksibel og ser verdien av å samarbeide og arbeide på tvers av avdelingar.
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før oppstart.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
26/1761
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
21.06.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Ølen omsorgssenter
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen