Vindafjord kommune

Fast lærarstilling- bli med på laget!

Er du læraren elevane hugsar?

Vi leitar etter deg som skaper engasjement, byggjer relasjonar og får elevane til å tru på seg sjølve. Du som veit at læring handlar om meir enn prøver og pensum – det handlar om menneske.

Me har ledig ei 100% fast lærarstilling ved Vågen oppvekstsenter. Ein triveleg 1.-7. skule med omlag 100 elevar. Skulen ligg i flotte omgjevnader, tett på både skog og sjø, me har og eit variert og inspirerande uteområde som blir aktivt brukt i løpet av skuledagen. 

Hos oss møter du:

  • Ein engasjert og fagleg sterk kollegaflokk med høg trivsel.
  • Elevgrupper mellom 15-20 elevar.
  • Gode høve for uteundervisning og praktisk læring.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Planlegge, gjennomføre og evaluere variert og relevant undervisning.
  • Vere med og skaper eit trygt, strukturert og inkluderande læringsmiljø der alle opplever meistring og læring.
  • Samarbeider med kollega, leiinga og eksterne samarbeidspartar.
  • Bidrar i skulen sitt arbeid med å skape fellesskap og fagleg utvikling.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering.
  • Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt. 
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent lærarutdanning for grunnskule.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
  • Andre med relevant erfaring kan og søkje, men da vil stilinga bli mellombels. 

Personlege eigenskapar:

  • Kan arbeida sjølvstendig og samarbeida i laget rundt barnet.
  • Er god på relasjonar med barn og vaksne.
  • Er omsorgsfull, trygg og forutsigbar.
  • Er løysningsorienter og systematisk.
  • Bidrar positivt til det profesjonsfaglege felleskapet på skulen.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

26/1568

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

26.05.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Vågen oppvekstsenter

Kontaktpersonar:

Kjetil Andre Skartland

mob: +47 90853989

Adresse:

Vågshagen 22 5582 Ølen

Kart: