Vindafjord kommune Rus og psykiatri

På leiting etter ein meiningsfull helgestilling?

Helgestilling som miljøarbeidar/miljøterapeut

Me søker etter miljøarbeidarar/miljøterapeutar til faste helgestillingar ved Hauatunet bufellesskap, på dag/kveld/natt. Me har ledige stillingar i ulike stillingsstørrelsar mellom 15% og 30%, arbeid 3. eller 6. kvar helg lang. Hauatunet er eit døgnbemanna bufellesskap for 8 personar med psykiske utfordingar.

Dersom ikkje kvalifiserte søknadar, kan det verte aktuelt med mellombels tilsettingar, for andre faggrupper.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Miljøarbeid
  • Tilrettelegging og hjelp til daglege gjeremål
  • Behandling, individuelle samtalar, rettleiing
  • Samarbeid med andre tenester kommunalt/interkommunalt m.m.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Årsturnus.
  • Kombinasjon av ordinære vakter og langvakter.
  • 500 kr i stimuleringstillegg for langvakter laurdag/søndag.
  • Helgeavtale - Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering.
  • Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt. 
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar.
  • Sjukepleiar-/vernepleiarstudent evt. anna relvant helsefagutdanning.
  • Det er ønskeleg med relevant erfaring frå psykisk helsearbeid og liknande bufellesskap.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk. 
  • Førarkort klasse B. Bruk av eigen bil kan førekomme. 

Personlege eigenskapar:

  • Reflektert, engasjert og løysingsorientert.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med bebuarane, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar.
  • Robust, trygg og open personlegheit.
  • God arbeidskapasitet, er utholdande og tolmodig.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • I søknaden må du skrive om du ønskjer å arbeide på natt eller på dag/kveld.
  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

26/1581

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

26.05.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Hauatunet bufellesskap

Kontaktpersonar:

Mari Vestbø Østenstad

Stilling: Avd. leiar Hauatunet bufellesskap

mob: +47 97045009

Tina Kvaløy

Stilling: Einingsleiar Rus og psykiatri

mob: +47 95059091

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: