Likar du å kjøre samstundes som du gir gode helsetenester i heimen?
Helsefagarbeidar Heimetenesta- Indre sone
Me ser etter ein dyktig, fleksibel og engasjert helsefagarbeidar til ein 100% fast stilling. Som helsefagarbeiderar i indre sone vil du vera ein viktig ressurs i folks kvardag og bidra til at våre bruarar opplever tryggleik, sjølvstende, omsorg og meistring i eigen heim -lengst mogleg.
Heimetenestene i Vindafjord kommune har basekontor i Ølen og Nedre Vats og me gjer helsetenester til brukarar som bur heime. Basekontoret til indre sone er på Ølen omsorgssenter og gir tenester til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Sandeid, Vikedal og Imsland.
Kva får du jobba med hos oss?
- Gi våre brukarar fagleg gode tenester.
- Helsefaglege oppgåver som:
- God pleie med medisinske observasjonar og målingar som News
- Planlegga og utføra tiltak
- Medikament handtering
- Primærgruppearbeid og ressursoppgåver
- Miljøterapi med meir.
- Opplæring og bruk av ulike Velferdsteknologiske løysningar.
- Rettleiing og tverrfagleg samarbeid.
- Fagleg vekst og utvikling i eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
Me kan tilby:
Kompetanseheving
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg vekst og utvikling.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønske at du skal trivast og lukkast.
- Du får møta heimebuande med ulike helseutfordringar, både akutte situasjonar og personar med kronisk sjukdom som krev langsiktig stell og pleie.
Arbeidstidsordning og lønnsvilkår
- Årsturnus med moglegheit for ønsker
- Turnus med ordinære vakter, rein langvakt eller kombinert lang/ordinære (ein må då minimum arbeida lang på helg).
- Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
- Med vår helge avtale kan du tene ekstra per time når du tek fleire helgevakter -meir jobb i helga, meir pengar i lomma.
- Kompensasjon for langvakter med 500 kr/ utførte langvakt laurdag/søndag.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Anna tilsettegoder
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering.
- Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
Me ser etter:
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar. Er du fortsatt under utdanning, men forventer å være ferdig i løpet av våren 26 oppfordrast du til å søka.
- Kandidatar med interesse for velferdsteknologi oppfordrast til å søka.
- Relevant vidareutdanning er ønskjeleg men ikkje eit "must".
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Sertifikat for personbil klasse B
Personlege eigenskapar
- Er fagleg interessert og held deg oppdatert.
- Er ein pådrivar for å prøva ut velferdsteknologiske løysingar som eit vertøy.
- Har pågangsmot og evne til å finna løysingar.
- Har eit ynskje om å arbeida systematisk og målretta med menneske med komplekse og varierande hjelpebehov.
- Er problemløysande og handterer utfordringar med ro og fagleg kompetanse.
- Er fagleg engasjert og opptatt av kvalitet i all pasient behandling
- Vil bidra positivt inn i vårt gode arbeidsmiljø.
- Du er dyktig til å omstille deg etter situasjonane og har gode evner til å samarbeida på tvers av faggrupper og miljø.
- Arbeider konstruktivt, sjølvstendig og trivast med til tider hektiske arbeidsdagar.
- Er fleksibel og ser nytte av å arbeida på tvers av sonene.
- Trives med til tider hektiske dagar på jobb.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
26/1539
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
28.05.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Heimetenesta Indre sone
Kontaktpersonar:
Adresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen