Lyst på kombinert stilling?
Assistentar i heimetenesta og praktisk bistand
Ynskjer du ein spennande og allsidig stilling som assistent i heimestenesten i indre sone? Heimetenesta har no ledig to faste stillingar på 67,37% og 56.81%. Me søkjer etter engasjerte og dyktige assistentar! Stillinga er to delt, du arbeidar både i heimetenesta og som assistent for praktisktbistand. Det vil sei at ein gjer arbeidsoppgåver som praktisk bistand med vask og reingjering i private heimar,- samstundes som ein og vil ha oppdrag i heimetenesta med enkle pasientoppdrag som stell og pleie. Indre sone har basekontor på Ølen omsorgssenter og gir tenester til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Sandeid, Vikedal og Imsland. Tilsette arbeidar i turnus fordelt mellom arbeid på dag, kveld, og arbeidar 16 helgar per år.
Kva får du jobba med hos oss?
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Du vil møta mennesker med ulike helseutfordringar der du skal bistå med støtte og hjelp.
- Gje praktisk bistand og enkle helseoppdrag til brukarar i private heimar.
- Variert arbeid i eit positivt og allsidig arbeidsmiljø.
Fagleg utvikling:
- Spennande. allsidige dagar på jobb som gjer deg meining
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan kanskje du tenkjer vegen vidare som helsefagarbeidar?
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Faglege utfordringar som vil gi deg meistring og utvikling.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
Lønnsvilkår:
- Langvakter på helg laurdag søndag gir 500 kr/ utførte vakt i tillegg til lokal helgeavtale.
- Årsturnus med arbeid på dag/kveld.
- Langvakter i turnus for tilsette som ønsker å prøve ut denne arbeidstidsordninga.
Andre goder:
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering.
- Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Det er flott om du har kompetanse eller erfaring med arbeid innan helse og omsorg, men det er ikkje eit krav då opplæring vil bli gitt.
- Du må ha grunnleggande IKT kompetanse.
- Ha sertifikat for personbil.
- Trivast med huslege arbeidsoppgåver.
- Vera flink med folk.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Personlege eigenskapar:
- Er engasjert og liker å tilegna deg ny kunnskap.
- Du bidra positivt inn i arbeidsmiljøet vårt.
- Er fleksibel og har eit ynskje og evne til å gje gode tenester til våre brukarar.
- Har gode samarbeidsevner, og tørr å spørre etter veiledning når du har behov.
- Er pliktoppfyllande og møter til avtalt tid.
- Har godt humør og er serviceinnstilt.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
26/1538
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
28.05.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Heimetenesta Indre sone
Kontaktpersonar:
Adresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen