Me treng deg på laget!
Undervisningsinspektør, 100% fast stilling
Skjold skule har nå ca. 300 flotte elevar fordelt på 1.–10. trinn og eit dyktig personale på rundt 45 tilsette. Leiarressursen på skulen er fordelt på rektor og undervisningsinspektørar. Som inspektør er du ein del av leiarteamet som jobbar med skuleutvikling og oppfølging av elevar og personale. Stillinga vil vere 75% undervisningsinspektør og 25% undervisning
Skjold skule har fokus på utvikling på det faglige og det sosiale området. Me har engasjerte og dyktige tilsette som bidreg positivt inn i utviklingsarbeidet. Skulen ligg flott til med både fjell og vatn i nærleiken, samt eit attraktivt aktivitets- og idrettsområde på skulen. Bygda har engasjerte innbygjarar og me har føresette som bryr seg om skulen sin.
Kva får du jobba med hos oss?
- Planlegging og drift av skulen (timeplanlegging og vikarhandtering).
- Ansvar for pedagogisk utviklingsarbeid.
- Oppfølging og rettleiing av elevar.
- Samarbeid med føresette.
- Fagleg oppfølging og rettleiing av ansette.
- Samarbeid med andre instansar.
- Planlegging, gjennomføring og oppfølging av nasjonale prøvar og andre kartleggingsprøvar.
- Bruka og kjenna til ulike digitale læringsplattformar som kommunen og skulen brukar.
- Arbeida med administrasjonssystema for skule (VISMA, Conexus ol.) samt andre kommunikasjonsplattformar,
- Digitalt utstyr i skulen (Ipad og PC'ar mm.),
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, friski treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent pedagogisk utdanning.
- Fordel med kompetanse, erfaring eller kurs innan administrativt arbeid.
- Digital kompetanse.
- Kunnskap om skulen sitt regelverk i høve arbeidstid og timefordeling.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar:
Me søkjer deg som
- Har godt humør, har pågangsmot og er utviklingsorientert.
- Har stor arbeidskapasitet, er ansvarsbevisst og kan jobba sjølvstendig innanfor eigne ansvarsområder.
- Har kunnskap om, og interesse for, å arbeida med skuleutvikling.
- Har evne til å motivera, støtta og vegleia personalet i arbeidet for å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø.
- Har gode datakunnskapar.
- Er systematisk og nøyaktig i arbeidet ditt.
- Er fleksibel og har evne til å ta gode avgjerder i ein hektisk kvardag.
- Har høge ambisjoner på elevane og skulen sine vegne.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
26/1524
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
21.05.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Skjold skule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/grunnskule/vindafjordskulen/skjold-skule/Adresse:
Vikanesvegen 4 5574 Skjold