Vindafjord kommune

Er du vår nye kollega?

Fast stilling som lærar på Skjold skule

På Skjold skule har me to 100% ledige stillingar på ungdomstrinnet. Me søkjer to engasjerte og fagleg trygge lærarar til ungdomstrinnet vårt. Hos oss møter du ein arbeidsplass der struktur, samarbeid og profesjonelt skjønn pregar det daglege arbeidet med elevane. Skulen legg vekt på relasjonsbygging som ein føresetnad for læring. Me arbeidar for at elevane skal bli sett og møtt som enkeltmenneske, fordi me veit at trygge relasjonar mellom elev og lærar er avgjerande for både fagleg utvikling og trivsel. Dette krev tid, medvit og tydelege vaksne som står støtt i rolla si. 

Me er opptekne av å gi elevane ein føreseieleg skulekvardag, med klare rammer, gode rutinar og høge – men realistiske – forventningar. Som lærar hos oss blir du ein del av eit profesjonsfellesskap som arbeider systematisk med læringsmiljø, relasjonar, trygge rammer og utvikling av eiga praksis. Me har eit inkluderande og positivt personale, der nye tilsette blir tatt godt imot og det er lett å spør om ting ein lurer på. No har me ledige stillingar og er spent på kven som skal bli våre nye kollegaer.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Undervisning på ungdomsskulen
  • Planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæring
  • Aktivt bidra til relasjonsbygging og eit trygt, inkluderande læringsmiljø
  • Sjå og følgje opp den enkelte elev fagleg og sosialt
  • Samarbeid i profesjonsfellesskapet og med føresette
  • Delta i skulen sitt utviklingsarbeid

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt. 
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisningskompetanse
  • Relevant fagkompetanse
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå ungdomstrinnet er ein fordel
  • Anna relevant utdanning kan vurderast
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Du er tydeleg og strukturert i klasseleiinga

  • Du har relasjonskompetanse og møter elevane med respekt og forventningar
  • Du evnar å sjå enkelteleven innanfor fellesskapet
  • Du samarbeider godt og tek profesjonelt ansvar
  • Du er fagleg reflektert og open for utvikling

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

26/1523

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

21.05.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Skjold skule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Vikanesvegen 4 5574 Skjold

Kart: