Vindafjord kommune

Avdelingsleiar Integreringstenesta

Avdelingaleiar med hjarte for folk og utvikling søkjast til Nav Vindafjord-Etne

Vil du bli avdelingsleiar i eit Nav-kontor der engasjement, samarbeid og samfunnsoppdrag står i sentrum?


Nav Vindafjord-Etne er eit kontor med 28 dedikerte medarbeidarar fordelt på tre avdelingar. No søkjer me etter ein ny avdelingsleiar i fast 100% stilling for integreringstenesta, og me søkjer deg som vil vere med og utvikle både menneske og tenester. Som éin av tre avdelingsleiarar vil du inngå i ei tett leiargruppe saman med einingsleiar – og få ansvar for rundt 7 kompetente og engasjerte medarbeidarar. 

Me ser etter ein trygg og tillitsbasert leiar som veit kva som motiverer, og som legg til rette for meistring og utvikling. Du vil samarbeide tett med andre avdelingar og einingar i kommunen, og med eksterne aktørar som næringsliv og frivilligheita. 

Nav Vindafjord-Etne flyttar inn i heilt nye lokale i Ølen sentrum i juni. 

Er du ein lagspelar som finn motivasjon i Nav sitt samfunnsoppdrag? Då håpar me du søkjer!

Kva får du jobba med hos oss

  • Leia og utvikla avdelinga på ein måte som legg til rette for eitt godt arbeidsmiljø og ein god læringskultur, med sjølvstendige medarbeidarar som jobbar godt saman i team.
  • Personal-, fag-, og resultatansvar for avdelinga.
  • Vera ein aktiv lagspelar i kontoret si leiargruppe og bidra til å finna heilskaplege løysningar for Nav-kontoret.
  • Samarbeida med kommunen sine andre tenester, næringsliv og frivilligheita for å nå felles mål i organisasjonen.
  • Bruka handlingsrommet og utvikla tenester som bidrar til at fleire innbyggjarar får gode tenester.

Ettersom Nav er i stadig utvikling og endring, kan ein pårekna endringar i ansvarsområde og oppgåvesamansetning.

Kvalifikasjonar:

  • Fullført utdanning tilsvarande minimum bachelor, fortrinnsvis innan sosialfag eller leiing.  Relevant utdanning og/ eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne (språknivå må tilsvara C1 for søkjarar med anna morsmål enn norsk). Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
  • Gode digitale ferdigheiter og interesse for å ta i bruk nye digitale løysingar.
  • Førarkort klasse B
  • Erfaring med leiing og personaloppfølging, gjerne frå offentleg sektor.
  • Sakshandsamingskompetanse, gjerne knytt til integreringslova. 
  • Erfaring frå, og ynskje om å jobba med menneske frå forskjellige land og ulike kulturar.

Personlege eigenskapar:

For oss i Nav Vindafjord-Etne er det viktig at medarbeidarane våre opplever meistring og trivst med arbeidsoppgåvene over tid. Difor legg vi stor vekt på personlege eigenskapar som me ser at er viktige i rolla. Særleg desse eigenskapane vil bli vektlagde sterkt:

  • Samarbeid med andre: Du er ein lagspelar som bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø. Du deler kunnskap, lyttar aktivt og samarbeider konstruktivt med kollegaer, samarbeidspartnarar og dei du følgjer opp, for å nå felles mål.
  • Pågangsmot: Å arbeide med menneske i utfordrande situasjonar over tid kan vere krevjande, i tillegg skal ein som avdelingsleiar følgje styringssignal og levere på mål og  prioriteringar fra overordna nivå. Difor er det viktig at du også klarer å sjå moglegheiter, er positiv og har pågangsmot. 
  • Problemløysar: Du utviklar effektive, fornuftige og praktiske løysingar på utfordringar. Nokre gonger står ein i ukjende situasjonar og utfordringar, og då er det ein fordel å sjå løysningar framfor avgrensingar.
  • Resultatorientert: Å ha evne til å tilnærme deg nye perspektiv og metodar, og å setje ambisiøse mål, er viktig i ei rolle som avdelingsleiar i Nav der ein både skal leie utvikling og støtte menneske i endring. Som avdelingsleiar i Nav må du kunne tenkje nytt, tilpasse deg endringar og arbeide målretta – både i strategisk arbeid og i møte med menneske.

 Personlege eigenskapar er svært viktige, og ovannemnte eigenskapar vil vektleggast sterkt. 

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt. 
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

17.05.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Ølen

Kontaktpersonar:

Kristin Tofte

mob: +47 41237114

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: