Er du klar for å gjera ein forskjell?
Miljøveileder barnehage og skule
Me søker:
Me søker miljøveileder med bachelor i vernepleie, barnevern, sosionom utdanning, eller anna relevant utdanning og eller erfaring frå arbeid med barn og unge med ulike utfordringar. Stillinga er 100% fast frå 1.7.2026. Denne stillinga startar i Nausthaugen barnehage, barnehageåret 2026-2027. Deretter er planen at stillinga blir ved Vats skule. Stillingskode blir satt utifrå kompetanse.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Veiledning og arbeida med barn/ elevar med ulike utfordringar i kvardagen
Personlege eigenskapar:
- Du har godt humør og har lyst til å gjera ein forskjell for barn
- Du samarbeider godt med andre men kan ta initiativ til å arbeida sjølvstendig
- Du er løysingsorientert og samarbeidar godt med kollegaer og føresette
- Du er ein relasjonsbygger-klarar å skape tillit og tryggleik over tid
- Du er fleksibel og kan justere aktivitetar, tempo og arbeidsmåtar etter dagsform og behov
Kvalifikasjonar:
- Me søker miljøveiler med bachelor i vernepleie, barnevern, sosionom og eller har anna utdanning og erfaring med barn med ulike utfordringar. Har du anna relevant erfaring oppfordres du til å søke.
- Du behersker det norske språket både skriftleg og munnleg
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Frisk treningssenter i Ølen tilbyr bedriftsrabatt
- Bedriftskunstlag
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
26/1403
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
05.05.2026
Tiltreding:
01.07.2026
Arbeidsstad:
Barnehagane i Vindafjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen