Vindafjord kommune

Er du student og har lyst på ein spennande helgestilling?

Stipendstilling for deg som er student innan helse

Studerer du sjukepleie/vernepleie eller anna høgskulestudie innafor helse har me ledig helgestilling med stipend til deg på Hauatunet bufellesskap!

Hauatunet bufellesskap er eit døgnbamanna bufellesskap for 8 personar med psykiske utfordringar, bustadane våre ligg i Ølen.

Helgestilling med stipend ca. 13 -17 %, frå august  2026 - august 2027.

Når du får stipendavtale med kommunen har du allereie sikra deg sommarjobb påfølgande år!

Er du allereie student og ønskjer å starte tidlegare? Ta gjerne kontakt – me har fortløpande tilsetjing!

Kva får du jobba med hos oss?

  • Miljøarbeid
  • Tilrettelegging og hjelp til daglege gjeremål i bustaden til brukaren
  • Behandling
  • Iindividuelle samtalar, rettleiing
  • Samarbeid med andre tenester kommunalt/interkommunalt m.m.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Årsturnus.
  • Ordinære vakter.
  • Kombinasjon av ordinære vakter og langvakter. 
  • Rein natt (etter avtale).
  • 500 kr i stimuleringstillegg for langvakter laurdag/søndag. 
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
  • I Vindafjord kommune har me ein eigen ordning for lønn til studentar.

Kvalifikasjonar:

  • Du må dokumentere for mottatt studieplass som sjukepleiar/vernepleiarstudent eller anna relevant høskule innafor helse, men har du ikkje fått svar, kan du og søkja! Stipendavtale vil bli gitt når dokumentasjon som stadfester studieplass kan leggjast fram.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. 
  • Du må ha IKT - kompetanse.
  • Du må ha sertifikat for bil.

Personlege eigenskapar:

  • Reflektert, engasjert og løysingsorientert.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med bebuarane, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar.
  • Robust, trygg og open personlegheit.
  • God arbeidskapasitet, er utholdande og tolmodig.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre.

 Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Studentavtaler - ein av dei beste i distriktet:

  • Vindafjord kommune kan tilby sjukepleiar/vernepleiarstudentar evt. anna høgskule innafor helse det som truleg er den beste stipendordninga i distriktet.
  • Du vil ha mogligheit til å jobbe ekstravakter ut over din avtalte stillingsprosent og velje den arbeidstidsordninga som passer deg best.
  • Sommararbeid: 5 veker (2–3 helgar), minimum 75 % stilling
  • Det blir lagt vekt på at du sjølv skal ha stor påverknad på kva helger i året som passer best for deg å jobba.
  • Innkomne søknadar vil bli handsama fortløpande under utlysingstida.

Stipend per studieår: 


3-årig løp: 

  • 1. og 2. år: 25 000 kr/år 
  •  3. år: 40 000 kr/år 

4-årig løp: 

  • 1.–3. år: 25 000 kr/år 

  • 4. år: 40 000 kr/år 

Ønskjer du ein trygg, lærerik og meiningsfull jobb ved sidan av studiet? 
Då håpar me å høyre frå deg! 

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

26/1579

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

31.08.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Hauatunet bufellesskap

Kontaktpersonar:

Mari Vestbø Østenstad

Stilling: Avd. leiar Hauatunet bufellesskap

mob: +47 97045009

Tina Kvaløy

Stilling: Einingsleiar Rus og psykiatri

mob: +47 95059091

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: