Vindafjord kommune

Bli ein del av vårt engasjerte team - Sjukepleiar til Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter

Sjukepleier eller vernepleiar

Vil du vere med å skapa ein kvardag som betyr noko – for både bebuarar og kollegaer?

Me søkjer no 4 sjukepleiarar og 2 vernepleiarar i faste stillingar (80–100 %) til Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter. Du kan velja turnus dag/kveld eller natt – og me ønskjer deg velkomen inn i vårt varme, kompetente og inkluderande fagmiljø.

Er du ferdig utdanna sjukepleiar eller vernepleiar til sommaren? Då vil me gjerne ha søknaden din òg!


Om arbeidsplassane

Vindafjordtunet består av:

  • Somatisk langtidsavdeling (14 plassar)
  • Demensavdeling Sør og Nord (32 plassar totalt)

Ølen omsorgssenter har:

  • Somatisk langtidsavdeling (14 plassar)
  • Korttid- og rehabiliteringsavdeling (13 plassar)

Begge einingar har tilsynslege i 50 % stilling og eigne kjøkken. Me har korte liner, tilgjengelege leiarar og eit arbeidsmiljø der di stemme blir høyrt.

Du kan òg bli betre kjent med oss på Facebook: Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter.


Kva får du jobba med?

Hos oss får du ein spennande og meiningsfull arbeidskvardag – med stor fagleg breidde og god støtte frå kollegaene dine.

Du vil blant anna jobba med:

  • Å skapa ein trygg og god heim for bebuarane våre
  • Sjukepleiefaglege oppgåver: kartlegging (t.d. NEWS), oppfølging, pleieplanar, tiltak, medisinhandtering, kontakt med pårørande og lege
  • Opplæring vil bli gitt til deg som vernepleiar 
  • Palliasjon
  • Rettleiing av kollegaer, studentar og tverrfaglege samarbeidspartnarar
  • Å bidra aktivt til fagutvikling, kvalitet og eit godt arbeidsmiljø
  • Å vere med å bygge sjukepleiarteam for betre samhandling og tenestekvalitet

Dette kan me tilby

Konkurransedyktig løn:

  • Sjukepleiar-/vernepleiartillegg i fast stilling på institusjon: kr. 25.000 over garantilønn. Fast tilsette sjukepleiarar får lønn tilsvarande minimum 8 års ansiennitet. 

  • Sjukepleiarar-/ vernepleiarar  i fast stilling på natt på institusjon: kr. 40.000 over garantilønn.

  • Kompetansetillegg: Relevante ekstra studiepoeng kan gi opptil 20 000 kr.
  • Stimuleringstillegg: 500 kr pr. langvakt på laurdag og søndag.

I tillegg får du:

  • Trygg, meiningsfull jobb med faglege utfordringar og god støtte
  • Nær og god opplæring når du startar
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning, inkl. stipendordningar
  • Gratis e-læringskurs (Veiledaren og NHI) og faste fagdagar
  • Gratis parkering og gunstig mobilabonnement
  • Moglegheit for å delta i bedriftskunstlag og kommunekoret KOR’e Vindafjord
  • Kompensasjon ved rettleiing av studentar
  • Gode forsikringsordningar
  • Offentleg tenestepensjon – ei av landets beste ordningar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Relevant vidareutdanning (60 studiepoeng i spesialisert utdanning) for å bli vurdert som spesialsjukepleiar
  • God IKT-kompetanse og erfaring med EPJ er ein fordel
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Me ser etter deg som:

  • Set bebuaren først og finn gode tiltak for god kvalitet i tenestene
  • Har interesse for fagfeltet og held deg oppdatert
  • Likar ein kvardag med variasjon og faglege utfordringar
  • Arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Er fleksibel og trivst med tverrfagleg samarbeid
  • Bidrar aktivt til eit inkluderande og trygt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vert vektlagt.


Ønskjer du ein arbeidsplass der du får utvikla deg, brukt kompetansen din og samtidig gjera ein ekte forskjell for menneske?
Då håpar me at DU søker!


 

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut eigenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før oppstart. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

26/788

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

14.04.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter

Kontaktpersonar:

Annelin Bauge (Einingsleiar)

tlf: +47 53655904

mob: +47 97657778

Bjørghild Lunde (Vindafjordtunet)

tlf: +47 53656928

mob: +47 90690455

Hanne Hegerland Skjold (Ølen omsorgssenter)

tlf: +47 53656007

mob: +47 90238768

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: