Vindafjord kommune

Ønske du ein spennande og allsidig stilling som assistent i heimetenesten indre sone?

Assistent innan praktisk bistand for heimebuande

Heimetenesta i indre sone har ledig fast stilling i 67,37%. Me søkjer etter ein engasjerte og dyktig assistent.

Stillinga er to delt, du arbeide i både heimetenesten og som assistent for praktisk bistand. Det vil sei at ein gjer arbeidsoppgåver som praktisk bistand noko som innebere vask og reingjering i private heimar, men at ein og vil ha oppdrag i heimetenesta med enkle pasientoppdrag som stell og pleie til heimebuande.

Indre sone har basekontor på Ølen omsorgssenter i Ølen og gir tenester til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Sandeid, Vikedal og Imsland. Tilsette arbeider i  turnus fordelt mellom arbeid dag, kveld og arbeid 16 helger per år. 

Kva får du jobba med hos oss?

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Du vil møta mennesker med ulike helseutfordringar der du skal bistå med støtte og hjelp. 
  • Gje praktisk bistand og enkle helseoppdrag til brukarar i private heimar.
  • Variert arbeid i eit positivt og allsidig arbeidsmiljø.

Me kan tilby:

  • Spennande og allsidige dagar på jobb som gjer deg meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
  • Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
  • Årsturnus med arbeid på dag/kveld.
  • Langvakter i turnus for tilsette som ønsker å prøve ut denne arbeidstidsordninga.

Kvalifikasjonar:

  • Det er flott om du har kompetanse eller erfaring med arbeid innan helse og omsorg, men det er ikkje eit krav då opplæring vil bli gitt.
  • Du må ha grunnleggande IKT kompetanse.
  • Ha sertifikat for personbil.
  • Trivast med huslege arbeidsoppgåver.
  • Vera flink med folk.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Er engasjert og liker å tilegna deg ny kunnskap. 
  • Du bidra positivt inn i arbeidsmiljøet vårt.
  • Er fleksibel og har eit ynskje og evne til å gje gode tenester til våre brukarar.
  • Har gode samarbeidsevner, og tørr å spørre etter veiledning når du har behov.
  • Er pliktoppfyllande og møter til avtalt tid.
  • Har godt humør og er serviceinnstilt.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. 

Del på:

Referansenummer:

26/775

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

01.04.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Indre sone

Kontaktpersonar:

Kitty Soltvedt

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 40415462

Synnøve Eikeland Steinsland

Stilling: Avdelingsleiar

tlf: +47 53656052

mob: +47 48164275

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: