Ringevikar kjøkken
For deg som vil bidra med noko ekstra!
Ønskjer du ein meiningsfull jobb der du er med og skapar gode måltidsopplevingar for brukarar og bebuarar? Då håpar me at nettopp du søker som ringevikar hos oss!
Om arbeidsplassen
Kjøkkentenesta høyrer til Ølen omsorgssenter, og me har òg kjøkken på Vindafjordtunet. Her lagar me og legg til rette måltid som vert levert til avdelingar og dagsenter. Kjøkkenet i Ølen produserer òg mat som vert sendt ut til heimebuande.
Som ringevikar kan du bli sett opp på begge stadene – og me oppmodar alle som er interesserte til å søke!
Arbeidsoppgåver
- Reinhald på kjøkken og oppvask
- Varehandtering og påfyll
- Tilrettelegging og førebuing av måltid
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg at du har interesse for matlaging
- Du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg - vi nyttar nynorsk som skriftspråk
- Ønskjeleg med sertifikat
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- er fleksibel, løysingsorientert og positiv
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- er fagleg interessert og brenn for gode måltid
- samarbeider godt med andre, men òg kan jobbe sjølvstendig
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø med godt humør
Kvifor jobbe hos oss?
- Varierte arbeidsoppgåver
- Eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø
- Arbeid som betyr noko for mange
Høyrest dette ut som noko for deg?
Me gleder oss til å få søknaden din!
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- God opplæring og samarbeid med andre
- Gratis parkering
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
26/803
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
15.04.2026
Tiltreding:
Snarleg
Arbeidsstad:
Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen