Vindafjord kommune

Vil du vere med på å forme framtida til våre små stjerner?

Barnehagelærar og pedagogisk leiar

Me søker:

Barnehagelærarar/pedagogiske leiarar ved kommunale barnehagar i Vindafjord. I kommunen vår blir alle tilsett som pedagogiske leiarar. 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Frå august vil me ha behov for fleire pedagogiske leiarar i fleire av dei kommunale barnehagane i Vindafjord. Det er både faste stillingar og vikariat, i heile eller reduserte stillingar. Stillingane er ein del av grunnbemanninga.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Du får det pegagogiske ansvaret på avdelingen eller i barnehagen
  • Du sørger for at barnehagelova og rammeplanen oppfylles gjennom det pedagogiske arbeidet 
  • Du leiar det daglege arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og vurdering av enkeltbarna og barnegruppa 
  • Du utvikler og implementerer i samarbeid med styrar/einingsleiar, pedagogiske aktivitetar som fremmer barnas læring og utvikling 

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent utdanning som barnehagelærar. Dersom det ikkje er nok kvalifiserte søkjerar kan andre søkjerar bli vurderte
  • Det er ønskeleg med erfaring frå barnehage
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk
  • Personlege eigenskapar vil vektleggast 

Personlege eigenskapar: 

  • Må kunne skapa gode relasjonar til barn, heim og vaksne ved barnehagen
  • Arbeida sjølvstendig, i team og kunna legge til rette for einskildebarn
  • Arbeida saman med kollegaer i barnehagen for å lage eit godt miljø for barna og arbeidsmiljø for dei vaksne
  • Du er fagleg engasjert 
  • Du er løysingsorientert 
  • Du er ein varm og tydeleg vaksen
  • Me legg stor vekt personleg eignaheit

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast 
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring 
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag for faste tilsette
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no) også for faste tilsette
  • Gunstig mobilabbonement for faste tilsette 
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

26/774

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast
Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid
Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

06.04.2026

Tiltreding:

15.08.2026

Arbeidsstad:

Barnehagane i Vindafjord

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: