27 % helg med arbeid kvar fjerde helg med langvakter
Helsefagarbeidar
Er du helsefagarbeidar eller student? Bli ein del av vårt engasjerte lag!
Fast stilling omlag 27% - Tilrettelagte tenester, avdeling Sandeid bufellesskap.
Er du helsefagarbeidar og har lyst til å jobbe i eit fagleg sterkt miljø der ingen dagar er like? Hos oss får du ein meningsfull jobb der du er med og skapar ein trygg og utviklande kvardag for menneske med ulike hjelpebehov. Assistentar og studentar kan og søkja!
Om eininga:
Tilrettelagde tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse- og omsorgstenestelova; Bistand i heim og i bufellesskap med heildøgnstenester, avlasting, støttekontakt samt dagtilbod ved Gnisten arbeid og aktivitetssenter. Eininga kjøper også tenester som dagtilbod og BPA. Det er 4 avdelingar i tilrettelagde tenester. Tre av desse er heildøgns-bemanna bufellesskap, der ein og har ansvar for miljøarbeid og praktisk bistand til private bustader utanom bufellesskapa.
Eining tilrettelagde tenester gjev målretta miljøarbeid. Tenestene er personleg, sosialt og fysisk tilpassa enkeltmenneske sitt behov. Formålet er å fremje personleg vekst og utvikling, eigenmeistring og deltaking på lik linje med andre i samfunnet.
Sandeid bufellesskap:
Sandeid bufellesskap gjev heildøgnstenester til menneske med psykisk utviklingshemming og nedsett funksjonsevne. Hos oss får du eit godt fagmiljø med fokus på brukarmedverknad, kvalitet og kompetanse. Me jobbar tett saman for å sikra at kvar brukar får den støtta dei treng for å leva eit godt og meiningslfullt liv.
Hovudarbeidsoppgåver:
Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukaranes behov. Fagarbeidar arbeider i team med assistentar og miljøterapeutar. Arbeidet er turnus med langvakter kvar fjerde helg.
Kvalifikasjonar:
- Me søkjer etter personar med autorisasjon som helsefagarbeidar. Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming er ynskjeleg.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
- Førarkort
- Me oppmodar menn til å søkja!
Personlege eigenskapar:
Me søkjer deg som har:
- Har eit ynskje om arbeide med menneske som har komplekse og varierande hejelpebehov.
- Har interesse for faget og held deg oppdatert
- Evne til samarbeid
- Evne til å ta imot og gje rettleiing
- Evne til refleksjon
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Positiv innstilling til brukarar og arbeidsplass
- Fleksibilitet
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
- kompetanseheving med støtte frå arbeidsgjevar
- God opplæring og samarbeid med andre
- Rabatt på treningssenter
- Gratis parkering
- Bedriftskunstlag
- stipendavtale for relevant høgskule utdanningar
- Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Helg
Skift/turnus
Søknadsfrist:
26.03.2026
Tiltreding:
11.05.26
Arbeidsstad:
Sandeid bufellesskap
Kontaktpersonar:
Adresse:
Østbøvegen 9 5585 Sandeid