Har du lyst å vera med oss å gjere ein forskjell for innbyggarane i Vindafjord det neste året ?
Fysioterapeut 100 % vikariat
Ein av våre dyktige tilsette skal ut i permisjon, og me treng difor ein ny fysioterapeut i teamet vårt frå 01.05.2026 til 31.08.2027. Stillinga er 100 % vikariat. Avdelinga tek seg av mange varierte arbeidsoppgåver. Me kjem til å ta deg med i samtale for å finne ut kva som er dine interesseområde, og kva du ynskjer å jobbe mest med. Me legg vekt på personlege eigenskapar og godt humør!
Høyres dette ut som en som en jobb du har lyst på? Søk då vel, så snakkas me kanskje !
Kva får du jobba med hos oss?
- Fysioterapi for vaksne og born.
- Oppfølging av pasientar på omsorgssentra, hovedsakeleg kortttidsavdelinga.
- Heimevurderingar og behandling/ rehabilitering i heimen.
- Kartlegging , observasjon, råd og veiledning til born i skulealder.
- Frisklivssentral.
- Gruppetrening.
- Hjelpemiddelformidling.
- Tverrfagleg samarbeid med både kommunale og private instansar.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Fortrinnsvis er du offentleg godkjent fysioterapeut, men også du som er ergoterapeut kan søke.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
- Førarkort klasse B.
- Erfaring frå kommunehelseteneste og arbeid med barn og unge er ein fordel, men ikkje et krav.
Personlege eigenskapar:
- Me ser etter deg som er engasjert i faget sitt.
- Nytenkande og løysningsfokusert.
- Likar å jobbe sjølstendig samtidig som du er ein lagspelar som bidrar positivt inn i teamet vårt.
- Likar utfordringar.
- Gode kommunikasjonsegenskapar.
- God på å danna relasjonar med pasientar, kollegaer og samarbeidspartnarar.
Andre opplysningar:
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
26/616
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
22.03.2026
Tiltreding:
01.05.2026
Arbeidsstad:
Ølen Omsorgssenter
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen