Beste sommarjobben med meining!
Sommarvikar i sjukeheim
Sommarvikarar – Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter
Vil du ha ein sommarjobb med meining? Vi søkjer engasjerte sommarvikarar som vil bidra til ein trygg, aktiv og god kvardag for våre eldre – enten på Vindafjordtunet eller ved Ølen omsorgssenter.
Ein jobb som betyr noko!
Som sommarvikar blir du ein viktig del av kvardagen til bebuarane våre. Gjennom stell og pleie, daglege aktivitetar, måltid og gode samtalar er du med på å gjera dagane lysare for dei som bur hos oss.
Du får jobbe saman med dyktige og faste tilsette som gir god opplæring og rettleiing. Du blir tatt godt imot og får kompetansen du treng for å lukkast i jobben – uansett om du har erfaring frå før eller ikkje.
Du som kan arbeide 80- 100% og fem veker eller meir vert prioritert.
Bonusordningar – ekstra løn for deg som satsar på sommaren hos oss!
Vi set stor pris på dei som bidreg i heile sommaravviklinga, og tilbyr derfor gode bonusar:
⭐ Jobbar du 7 veker mellom veke 25–33
Då får du 10 000 kroner i bonus!
⭐ Kan du arbeide dei fire siste vekene (veke 30–33)?
Då får du 6 000 kroner i bonus!
(Du må arbeide 75-100% og gå vekene for å få bonusen).
Stillingane er ledig frå:
15.06.2026 – 16.08.2026
Om du ønskjer ein meiningsfull sommar, gode kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø – då håpar vi du søker!
Kva får du jobba med hos oss?
- Ivareta generell pleie og omsorg til bebuarane våre- herunder førebygging, behandling og rehabilitering.
- Stell og dagleg pleie.
- Hjelp og bistand i måltider.
- Praktiske oppgåver- serviceoppgåver i avdeling
- Aktivitets motivator for våre bebuarar!
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Helsefagleg autorisasjon og bakgrunn er ønskjeleg.
- Søkerar utan formell utdanning men med erfaring og /eller interesse for faget vert og vurdert.
- Grunleggande datakunnskap.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunskaper - me nyttar nynorsk som skriftspråk.
Personlege eigenskapar:
- Fleksibel og lærevillig.
- Blid og serviceinnstilt.
- Etterspør veiledning ved behov.
- Gode samarbeidsevner.
- Engasjert og effektiv- ser kva som kan bli gjort og tar muligheita for å gå ein tur, lese, spele med bebuarane våre!
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
26/681
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
27.03.2026
Tiltreding:
15.06.2026
Arbeidsstad:
Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen