Ønsker du å gjera ein forskjell i klasserommet?
Lærarstillingar i Vindafjordskulen
Er du ein engasjert og dyktig lærar som ønskjer å gjera ein forskjell for elevane våre? Nå har du moglegheit til å bli ein del av laget i Vindafjordskulen! Vindafjord kommune har sju grunnskular fordelt på ulike einingar:
- Tre oppvekstsentre: Sandeid oppvekstsenter, Vik oppvekstsenter og Vågen oppvekstsenter
- Ein 1-7-skule: Vats skule
- Tre 1-10-skular: Skjold skule, Vikedal skule og Ølen skule
Frå hausten av har me ledige lærarstillingar i ulike stillingsstorleikar, både faste stillingar og vikariat. I søknaden ønsker me at du skriv kva fag som ligg i utdanning di, og at tilleggsutdanning blir spesifisert med fag og studiepoeng. Det er ønskeleg at du set opp ei prioriteringsliste over kva skular du ønsker å jobba ved.
Kva får du jobba med hos oss?
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i tråd med læreplanverket og lokale mål.
- Tilpassing av undervisninga til elevane sine føresetnader og behov, slik at alle får moglegheit til å lykkast.
- Å skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø der elevane trivst og utviklar seg.
- Oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling gjennom vurdering og rettleiing.
- Samarbeid med kollegaer, leiing, føresette og andre aktørar for å sikre god oppfølging av elevane.
- Deltaking i fagleg utvikling, teamarbeid og profesjonsfellesskap for å styrke undervisningspraksisen.
- Bidra aktivt til vidareutvikling av skulen som ein lærande organisasjon.
- Varierte og meningsfulle oppgåver som gjer ein forskjell for elevane kvar dag.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. For kontaktlærarar vil du få eit kontaktlærartillegg på kr. 27.000 til kr. 38.000, avhengig av antall elevar du er kontaktlærar for.
- For faste tilsette tilbyr me tilsettgoder som rabatt på treningssenter, tilbod om gunsig mobilabbonement, moglegheit for å bli med i bedriftskunstlager og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
Kvalifikasjonar:
- Relevant lærarutdanning. Utdanninga må vera fullført seinast når du tek til i stillinga.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar:
- Du er positiv, har engasjement for barn og unge og har lyst til å gjera ein forskjell for elevane.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du kan arbeida sjølvstendig, så vel som i team.
- Du har ei løysingsorientert tilnærming til arbeidsutfordringar.
- Du er ein autoritativ vaksen.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
06.03.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Skular i Vindafjord
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen