Vindafjord kommune

Me søker lærer til vår grunnskule!

Ringevikar - lærar

Er du nysgjerrig på undervisning og har tid til overs? Kanskje er du mellom to jobbar og ynskjer å prøve noko nytt? Då kan du bli ringevikar hos oss! Me er ein skule med undervisning frå 1. til 10. klasse, og me søker deg som vil bidra med læringsglede og tryggleik for våre elevar når våre faste lærarar ikkje er til stades.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Variert arbeidskvardag - du får undervisningserfaring, møter ulike klassetrinn og fag, og får jobbe både i klasse, gruppe og med enkeltelevar
  • Profesjonell utvikling - du vil jobbe saman med dyktige kollegaer, få rettleiing og utvikle dine pedagogiske evner og klasseleiing.
  • Høve for å gjere ein forskjell - du får sjansen til å bidra til elevane si læring og trivsel i eit miljø som set elevane i sentrum.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Det er ønskeleg med godkjent lærarutdanning, men ikkje eit krav. 
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge vil vere ein fordel, men ikkje eit krav. 
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel og tilpassingsdyktig - kan raskt setje deg inn i nye situasjonar, klassar og fag. 
  • Trygg og tydeleg - klarer å leie ei gruppe elevar på ein roleg og strukturert måte.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

26/238

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

06.02.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Skjold skule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Vikanesvegen 4 5574 Skjold

Kart: