Familieteamet

Miljøterapeut i Familieteamet 100% fast stilling

Miljøterapeut

Familieteamet i Vindafjord og Etne har ledig stilling som miljøterapeut!  

Har du eit engasjement for barn og unge? Er du oppteken av å hjelpe der hjelpa trengs? Er du god på menneskemøte og løysningsorientert 

Familieteamet i Vindafjord jobbar forebyggande og endringsretta i høve barn, unge og deira familiar. Me har to mandat, lågterskel og etter vedtak frå barnevernet. Me eit tverrfagleg team som består av 8 familierettleiarar og 2 miljøterapeuter, fagleiar og avdelingsleiar. Alle jobbar både lågterskel og etter mandat frå barneverntenesta. Miljøterapeutane jobbar primært i heimen. 

Me søkjar ein miljøterapeut i 100% fast stilling til spanande endringsarbeid. Me søkjar deg som har eit ønskje om å hjelpa andre, og som kan bidra til å skapa eit positivt miljø for våre brukarar. Me ser etter deg som er ein lagspelar og har eit positivt menneskesyn. Du er trygg, tillitsvekkande og har god evne til å sjå løysingar. Du vil få moglegheit å strukturere din eigen dag og jobbe mykje sjølvstendig. Du vil møte menneske i både kriser og komplekse situasjonar. Det er naudsynt med gode kommunikasjonsferdigheter, samt evne til å handtere og tole konflikt og sterke kjensler 

Arbeidsoppgåver: 

  • Endringsarbeid og rådgjeving til familiar i ulike livssituasjonar 

  • Oppfølging av kompenserande tiltak i familiane 

  • Gjennomføre individuell og gruppebasert praktisk oppfølging for brukarar som treng støtte 

  • Oppfølging av saker som inneber samtalar med born, foreldre og observere samspel ved heimebesøk 

  • Tverrfagleg samarbeidsmøter med ulike instansar  

  • Skriftleg dokumentasjon av prosessar, tiltak og vurderinger  

  • Tett kontakt med kontaktperson i barneverntenesta  

  • Arbeidet utførast i hovudsak på dagtid, men nokre timar ettermiddag/kveldsarbeid må påreknast vekentleg. Helgearbeid vil ikkje føregå på fast basis, men i enkelte saker kan det vera behov for at ein også må gje oppfølging i helg.  

Kvalifikasjoner:  

  • Treårig høgskuleutdanning, fortrinnsvis bachelor i barnevern eller sosionom. Andre utdanningar kan vurderast 

  • Erfaring frå arbeid med barn og familiar i barnevernstenesta vil vera ein fordel  

  • God formidlingsevne i norsk munnleg og skriftleg  

  • Førarkort klasse B

  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.  

  • Det må leggast fram politiattest  

Personlege eigenskapar 

  • Trygg og tillitsvekkande 

  • Positiv og løysingsorientert 

  • Evne til å jobba effektivt og strukturere eigen arbeidsdag 

  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men også vera ein del av eit fagleg team 

  • Evne til nytenking, kritisk refleksjon og opptatt av personleg fagleg utvikling 

  • Evne til å motivere for endring og å sjølv vera endrings- og utviklingsfokusert 

  • Evne til samarbeid med familiar, samarbeidspartnarar og kollegaer 

  • Ei god kollega og ei støtte for dine medarbeidarar 

  • Opptatt av eit positivt menneskesyn og brukarmedverknad 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.  

Me kan tilby: 

  • Eit kollegafellesskap som består av engasjerte og fagleg sterke familierettleiarar og miljøterapeutar som er opptekne av å gjere ein forskjell for familiane me jobbar med og for å skape ein god arbeidsplass 

  • Tett oppfølging frå kollegaer i kvardagen og jamleg individuell rettleiing 

  • Ein fleksibel og variert arbeidskvardag, der ein får vera med å forma arbeidsdagane sjølv. Me har fleksitidsordning 

  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter 

  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon 

  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring 

  • Konkurransedyktig lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk 

 

Slik søkjar du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei tas med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka. 

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering. 

Del på:

Referansenummer:

26/183

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

08.02.2026

Tiltreding:

01.03.26

Arbeidsstad:

Familieteamet

Kontaktpersonar:

Rannveig Obrestad

mob: +47 90204793

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: