Vil du bidra til å gjera kommunen endå meir synleg og attraktiv for framtidige arbeidstakarar?
Bli ein framtidsinfluensar i sommar
Me søker to nysgjerrige, kreative og digitalt interesserte studentar som ønsker å få verdifull erfaring innan strategisk rekruttering, prosjektleiing, kommunikasjon, marknadsføring og innhaldsproduksjon. I løpet av seks veker i sommar vil du blant anna bidra med å utvikla og påverka Vindafjord kommune sin strategi for å behalde, utvikla og rekruttera tilsette, arrangera karrieredag, samt laga innhald til kommunens sosiale media.
Sommarjobben er ein del av Sildikon Valley, og er alt anna enn vanleg! I staden for å være vikar i ein ordinær stilling, tilsett me deg for å samarbeida med ein annan student om å løysa ei konkret utfordring som kommunen står overfor. Gjennom sommaren vil du delta i både faglege og sosiale samlingar med andre Sildikon Valley-studentar, og få moglegheita til å bygga eit verdifullt nettverk. Dette er sommarjobben for deg som vil utfordre deg sjølv, få relevant arbeidserfaring, og samtidig bli kjent med ein av dei mest dynamiske og innovative regionane i Norge.
Stillingane er 100% i perioden frå 15. juni til 28. juli 2025. Arbeidsstad vil væra på rådhuset i Ølen.
Kva får du jobba med i prosjektperioden?
Prosjektet inneheld tre delar:
1. Utarbeida rapport med tilrådingar til vidareutvikling av tiltak i kommunen sin strategi for å behalda, utvikla og rekruttera tilsette, basert på gjennomgang av strategien og undersøkingar/intervju blant generasjon Z.
2. Arrangera karrierekveld og vidareutvikla konseptet frå karrierekvelden i 2025.
3. Innhaldsproduksjon til sosiale media. Laga kreativt innhald: Ta bilete og produsera kortare videoar til våre sosiale media for å engasjera og tiltrekka yngre målgrupper. Det er også ønskeleg med idear og skisser til nye konsept.
Me kan tilby:
- Ein spennande, kreativ og lærerik sommarjobb som gir relevant arbeidserfaring.
- Vera ein del av Sildikon Valley-samarbeidet og bygga verdifullt nettverk.
- Moglegheit til å bidra til ein viktig samfunnsoppgåve – å tiltrekka unge talent til kommunen.
- Ein fleksibel og variert arbeidskvardag, der du får moglegheit til å bruka kreativiteten din og utvikla ferdigheitene dine.
- Konkurransedyktig lønn, i Vindafjord kommune har me ei eigen ordning for lønn til studentar.
- Gratis parkering og tenestebil til bruk i arbeidstida.
- Du vil få ein eigen fadder som blir din kontaktperson, og kollegaer som vil du skal trivast og lukkast.
Kvalifikasjonar:
- Bachelor-/masterstudent innan relevant fagområde, for eksempel HR, organisasjon og leiing, marknadsføring, kommunikasjon, samfunnsvitskap, medievitskap eller administrasjon.
- Du er vant til å nytta sosiale media, og har gjerne erfaring med innhaldsproduksjon.
- Du skriv godt nynorsk, og kan kommunisera klart og engasjerande.
- Førarkort klasse B er viktig, slik at du kjem rundt med tenestebil i vår flotte kommune.
Personlege eigenskapar:
- Kreativ og har evne til å tenka utanfor boksen.
- Auge for detaljar, og forstår viktigheita av autentisk og levande innhald.
- Stor interesse og engasjement for kommunikasjon, marknadsføring og sosiale media.
- Gode samarbeidsevner.
- Evne til å jobba sjølvstendig og sørga for framdrift i prosjektet.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
26/150
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Engasjement
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
08.02.2026
Tiltreding:
15.06.2026
Arbeidsstad:
Rådhuset i Ølen
Kontaktpersonar:
Anne Solveig Kvinnesland (HR-rådgjevar)
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen