Vindafjord kommune

Dagleg leiar Vindafjordhallen symjehall

Vil du vere med å skape ein spennande og meiningsfull kvardag som leiar for Vindafjordhallen symjehall?

I 2025 opna Vindafjord kommune ein heilt ny symjehall i Vats - med to basseng, sklie og flotte fellesområde, samt fasilitetar for tilsette. No søkjer vi ein engasjert, framoverleint og strukturert leiar som kan bygge opp og leie ein trygg, inkluderande og imøtekomande møteplass for heile lokalsamfunnet.

Stillinga er delt slik:

  • 50 % dagleg leiar for symjehallen
  • 50 % symjelærar for Vindafjordskulen

Som dagleg leiar får du ansvar for drift, utvikling, personal og kvalitet i symjehallen, medan du i symjeundervisninga vil bidra til at elevane får trygg og god opplæring i vatn.

Stillinga vil vera plassert innanfor rammeområdet Samfunnsutvikling, under eining for kommunaltekniske tenester. Stillinga er 100% fast.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Sikre god drift av symjehallen innanfor gjeldande rammer og lovpålagde krav
  • Skreddarsy tilbod og opningstider
  • Følgje opp daglege arbeidsoppgåver innan mellom anna tryggleik, kundebehandling , billettsal og reinhald
  • Personalleiing for badevaktar/reinhaldarar
  • Utarbeide turnusar og bemanningsplanar
  • Marknadsføring av anlegget
  • Badevakt
  • Symjelærar for Vindafjordskulen og barnehage
  • Sikre god samhandling med Vindafjordhallen SA

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Kvalifikasjonar:

  • Relevant pedagogisk utdanning er ynskjeleg
  • Leiarerfaring er ein fordel
  • Gode symjeferdigheter
  • Grunnleggande livredning og førstehjelp
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk

Personlege eigenskapar:

  • Evne til å skapa engasjement og positiv blest kring symjehallen
  • Evne til å planleggja og strukturere drift av symjehallen
  • Evne til å skapa trivsel hos både brukare og kollegaer 
  • Gode samarbeidsevner

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Foto: Kristine Thorsen Eikeland, Vindafjord Symjehall.

 

 

Del på:

Referansenummer:

26/105

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

26.01.2026

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Vindafjord

Kontaktpersonar:

Berit Fyljesvoll Haugsland

mob: +47 91350468

Adresse:

Østbøvegen 2 5585 Sandeid

Kart: