Vindafjord kommune

Vil du utgjere ein forskjell for barn og unge? Bli helsesjukepleiar i Vindafjord kommune!

Helsesjukepleiar 100% fast

Er du ein engasjert og omsorgsfull helsesjukepleiar som brenn for å fremje helse og trivsel blant barn, unge og familiar?
Då kan du vere den me leitar etter! Vindafjord kommune søkjer no etter ein dyktig og dedikert helsesjukepleiar til 100 % fast stilling frå 01.04.2026

Me tilbyr ein spanande og variert arbeidskvardag der du får moglegheit til å jobbe førebyggjande og helsefremjande i eit inkluderande og tverrfagleg arbeidsmiljø. 

Kva får du jobba med hos oss?

  • Helsefremjande og førebyggande arbeid ift nasjonal faglege retningslinjer for helsestasjons- og skulehelsetenesta
  • Arbeid i skulehelsetenesta, derav samtaletid på skulane, undervisning i klassane,- og veiledning av foreldre og lærerar
  • Vaksinering
  • Arbeid på Helsestasjon for ungdom kan vera aktuelt
  • Tverrfagleg samarbeid med andre avdelingar som jobbar med barn og unge
  • Oppfølging av minoritetspråkelege/flyktningar
  • Arbeidsoppgåvene knytt til helsestasjonsarbeid 0-5 år

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, og rabatt på treningssenter
  • Moglegheit for å bli med i kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
  • Helsesjukepleiar som har stillingskode som helsesjukepleiar, vil lønnast kr. 20.000 over KS si garantilønn

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar med vidareutdanning i helsesjukepleie
  • Dersom det ikkje er kvalifiserte søkjerar, kan sjukepleiar med anna relevant vidareutdanning og/eller erfaring med arbeid knytt til barn og unge bli vurdert
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk

Det er ynskeleg med:

  • Mastergrad i helsesjukepleie
  • Erfaring som helsesjukepleiar
  • Kjennskap til dokumentasjonssystemet HSpro
  • Kjennskap til relevant lovverk og nasjonale faglege retningslinjer for tenesta

Personlege eigenskapar:

  • Evne til sjølvstendig strukturert arbeid,nytenking og samarbeid, er blant dei eigenskapene me ser som sentrale for å trivas og lukkas som helsesjukepleiar
  • Målretta og fagleg engasjert
  • Gode relasjons og kommunikasjonseigenskaper
  • Fleksibel og løysingsorientert

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

26/49

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.02.2026

Tiltreding:

01.04.2026

Arbeidsstad:

Rådhuset i Ølen

Kontaktpersonar:

Anne Beate Økland

Stilling: Konstituert einingsleiar

mob: +47 47650640

Hilde Sundal Bjerkreim

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 97684875

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: