Vindafjord kommune

Vil du ha ein spennande jobb på kultur- og læringssenteret?

Bibliotekar

Vindafjord bibliotek er eit nytt og moderne bibliotek med mykje spennande aktivitet. Me søkjer ein kollega med god forståing og interesse for kultur- og bibliotekfagleg verksemd til eit 50 % stilling vikariat fram til 31.05.2026, med mogleg forlenging. Du vil jobba i team saman med dyktige kollegaer frå fleire ulike fagfelt. Biblioteket er ein del av ei aktiv eining med mykje tverfagleg samarbeid som du vil bli ein del av. Biblioteket har vaktorningar med dag-, kveld- og helgevakter, og biblioteket si avdeling i Sandeid fengsel kan også bli aktuelt. 

Kva får du jobba med hjå oss?

Dine hovudarbeidsoppgåver vil vera: 

  • Aktiv formidling
  • Digital formidling
  • Samlingspleie
  • Bok i butikk
  • Utlån, rettleiing og anna publikumsretta arbeid
  • Planlegging og gjennomføring av ulike kulturrelle aktivitetar og arrangement retta mot alle aldrar

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgare utdanning innan bibliotek, informasjonsvitskap og eller litteraturvitskap
  • Annan relevant utdanning og eller erfaring kan også vera aktuelt 
  • Erfaring frå bibliotek og eller skulebibliotek er ønskeleg 
  • Erfaring og interesse innan bibliotekfaget 
  • God digital kompetanse er ein førestenad
  • Sertifikat klasse B 
  • Meistra godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk

Personlege eigenskapar:

  • Ein omsorgsfull og trygg vaksen
  • God evne til å inspirera og motivera til leseglede  
  • God evne til samarbeid og refleksjon
  • Løysingsorientert og systematisk, både sjølvstendig og i team
  • Gode språk- og kommunikasjonsevne er ein føresetnad. Me nyttar nynorsk skriftspråk. 

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på. 

Slik søker du:

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

26/55

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

14.01.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Kultur- og læringssenteret

Kontaktpersonar:

Ane Kesia Eide Fatland

Stilling: Einingsleiar kultur og læring

tlf: 53655850

mob: +47 48099251

Silje Holden Birkeland

mob: +47 46745481

Adresse:

Sjøperlo, Dreganesvegen 40 5580 Ølen

Kart: