Vindafjord kommune

Er du sjukepleiar eller vernepleiar som vil ha nye utfordringar?

Vi i psyksk helse og rus tenesta i Vindafjord  arbeider for å gi heilskaplege og individuelt tilpassa tenester til menneske med psykiske helseutfordringar og/eller rusproblem. Målet vårt er å bidra til auka livskvalitet, meistring og inkludering. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt og engasjert team som set brukaren i sentrum.

Vi har ledig 60% vikariat på dagtid i avdeling psykisk helse og rus og i helseavdelinga i Sandeid fengsel.
Viakriatet er ledig frå 9. mars 2026 til og med 31. mars 2027
 

 Kva får du jobba med hos oss?

  • Psykisk helse og rus:

    Behandling, miljøarbeid, gje støtte, råd og rettleiing til vaksne med psykiske lidingar og deira pårørande, koordinering/oppfølging, individuelle samtalar, medisinoppfølging, deltaking i ansvarsgruppe, rettleiing og undervisning til anna personale, IP, samarbeid med andre tenester kommunale og interkommunalt mm.

    Helseavdelinga Sandeid fengsel:

    Behandling, individuelle samtalar, medisinoppfølging, laboratorieoppgåver, oppfølging/koordinering, samarbeid med andre instansar i fengselet og eksternt.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar.
  • Kandidatar med vidareutdanning i psykisk helse og rus oppfordrast til å søka.
  • Arbeidserfaring innan psykisk helse og rus feltet er ein fordel.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Reflektert, engasjert og løysingsorientert.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, samt relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med brukarar, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar.
  • Robust, trygg og open personlegheit.
  • God arbeidskapasitet, er utholdande og tolmodig.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/3729

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

05.01.2026

Tiltreding:

09.03.2026

Arbeidsstad:

Psykisk helse og rus

Kontaktpersonar:

Karen Synnøve Skjold - Avd. leiar psykisk helse og rus

mob: +47 97969426

Tina Kvaløy - Einingsleiar Rus og psykiatri

mob: +47 95059091

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: