Etne og Vindafjord legevakt

Vil du gjera ein forskjell når det verkeleg gjeld?

Me søkjer sjukepleiar på legevakt!

Me søkjer sjukepleiar til helgestilling. Stillinga er fast 20%, med arbeid kvar 3. helg, og nokon bevegelige heilagdagar. Ekstravakter vil også vera mogeleg. 
Er du klar for å ta del i eit team der du er heilt avgjerande for tryggleiken og helsa til innbyggjarane våre – akkurat når dei treng det mest?
Me søkjer deg som ønskjer å kombinere faglege utfordringar med ei stilling som gir meining, meistring og moglegheiter.

Kvifor arbeidet betyr noko:

Når folk opplever noko akutt og uventa, er det ofte oss dei møter først. Di evne til å handle raskt, kommunisere klart og vise omsorg – kan vera avgjerande for korleis pasientar og pårørande opplever krisa dei står i. Hjå oss får du bruka både hovudet og hjartet – og kvar vakt utgjer ein skilnad.

Kva får du med å jobbe hos oss?

Du vil jobbe i eit engasjert team med både legar og sjukepleiarar der samspel og tillit er grunnlaget for kvardagen. Her får du høve til å utvikla deg vidare innan akuttmedisin og legevaktsarbeid, med støtte og opplæring tilpassa deg og din erfaring. Me er stolte av arbeidsmiljøet vårt – det er prega av fagleg tyngde, rausheit og humor. Det er stor variasjon i arbeidsdagane, noko som krev sjølvstende, raske vurderingar og evne til å halde roen – men også gir mykje tilbake i form av læring og fagleg vekst.

Etne og Vindafjord legevakt er ei interkommunal legevaktordning med base i Vindafjord beredskapssenter, samlokalisert med Ølen legekontor – i nye, moderne og godt utstyrte lokale. Me er totalt 18 fastlegar og 6 sjukepleiarar i turnus.

Du blir ein viktig del av teamet på vakt. Du vil vurdere pasientar, prioritere etter alvorlegheitsgrad, samarbeide tett med lege og legevaktsentral, og vera med på å sikre at pasientar får rett hjelp til rett tid.

Me kan tilby:

  • Ein meiningsfull jobb der du verkeleg får brukt sjukepleiarfaget
  • Eit fagmiljø som støttar deg – både i startfasen og vidareMoglegheit for etter- og vidareutdanning i tråd med kompetanseplan
  • Tilrettelegging for stipend ved relevant kompetanseutvikling
  • Gode kollegaer som bryr seg, og eit godt sosialt miljø
  • Gratis parkering, rabatt på treningssenter,- og gunstig mobilabonnement
  • Tilbod om bedriftskunstlag og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Offentleg tenestepensjon og gode forsikringsordningar
  • Lønn etter tariff

Hovudarbeidsoppgåver

  • Jobbe i team med lege på vakt
  • Prioritere rett pasient til rett tid
  • Ta anamnese og vurdera tiltak 
  • Ivareta pasient og pårørande ved behov
  • God og kontinuerlig kommunikasjon med legevaktsentralen
  • Kontrollere og følge opp daglige,veke og månadlege prosedyrar og kontroller
  • Laberatoriearbeid

Kvalifikasjonar

  • Du har autorisasjon som sjukepleiar.
  • Sjukepleiarar med vidareutdanning i akuttsjukepleie eller legevakt er ønskeleg, men ikkje eit krav.
  • Du har eit godt klinisk blikk, er trygg i vurderingar og trivst med å jobbe både sjølvstendig og i team.
  • Du handterer stress, kommuniserer godt og møter folk med respekt – også når det hastar.

Du må kunne godt norsk, både munnleg og skriftleg, og ha gode engelskkunnskapar. Skriftspråket hjå oss er nynorsk. 

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/3654

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Helg

Søknadsfrist:

31.01.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Beredskapssenteret i Vindafjord

Kontaktpersonar:

Anne Beate Økland

Stilling: Konstituert einingsleiar

mob: +47 47650640

Linda Giersch

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 99430162

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: