Vindafjord kommune

Vil du vera med å gjera ein forskjell kvar dag?

Lærarstilling - vikariat ved Sandeid skule

Er du ein engasjert og dyktig lærar som ønskjer å gjera ein forskjell for elevane våre? 

  • Sandeid oppvekstsenter består av ein 1-7 skule med 111 elevar og ein barnehage med 64 barn. Tilsaman er me omlag 45 tilsette med assistentar/fagarbeidarar, miljøarbeidarar pedagogar, inkludert 14 lærarar.

Frå desember 2025 av har me ledige vikariat i inntill 100% lærarstilling ut skuleåret 2025-2026, med mogelegheit for forlenging.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av undervisning i tråd med læreplanverket og lokale mål.
  • Tilpassing av undervisninga til elevane sine føresetnader og behov, slik at alle får moglegheit til å lykkast.
  • Å skape eit trygt, inkluderande og motiverande læringsmiljø der elevane trivst og utviklar seg.
  • Oppfølging av elevane si faglege og sosiale utvikling gjennom vurdering og rettleiing.
  • Samarbeid med kollegaer, leiing, føresette og andre aktørar for å sikre god oppfølging av elevane.
  • Deltaking i fagleg utvikling, teamarbeid og profesjonsfellesskap for å styrke undervisningspraksisen.
  • Bidra aktivt til vidareutvikling av skulen som ein lærande organisasjon.
  • Varierte og meningsfulle oppgåver som gjer ein forskjell for elevane kvar dag.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
  • Gratis parkering
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. For kontaktlærarar vil du få eit kontaktlærartillegg på kr. 27.000 til kr. 38.000, avhengig av antall elevar du er kontaktlærar for. 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant og godkjent lærarutdanning, gjerne med kunst & handverk som eit av faga.
  • Erfaring frå undervisning både på mellomtrinnet og småtrinnet.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk. 

Personlege eigenskapar:

  • Du er positiv, har engasjement for barn og unge og har lyst til å gjera ein forskjell for elevane.
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Du kan arbeida sjølvstendig, så vel som i team.
  • Du har ei løysingsorientert tilnærming til arbeidsutfordringar.
  • Du er ein autoritativ vaksen.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/3494

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.12.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Sandeid oppvekstsenter

Kontaktpersonar:

Inger Kathrine Sundve

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 97574954

Adresse:

Saudavegen 5783 5585 Sandeid

Kart: