Vindafjord kommune

Vil du vere med å skape magiske kvardagar for barn?

Bli vår nye barne- og ungdomsarbeidar i Bjoa barnehage!

Vil du vere med å skape magiske kvardagar for barn? Me søker barne- og ungomdsarbeidar i Bjoa barnehage i fast 100% stilling.

Midt mellom fjord og fjell ligg Bjoa barnehage – ein barnehage med rom for både små og store opplevingar!
Hos oss finn du god plass, både inne og ute. Me har store, flotte uteområde der me leikar, undrar oss, lærer og oppdagar naturen saman – kvar einaste dag.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
  • Andre med relevant utdanning og erfaring kan og søkje (tilsetjast som assistent)
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk

Personlege eigenskapar:

  • Er positiv, leiken og engasjert
  • trivst ute- i all slags ver
  • er trygg, omsorgsfull og tydeleg i møte med barna
  • likar å samtale, leike og utforske saman med barna
  • bidreg til eit godt arbeidsmijø og samarbeida godt med andre

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

02.12.2025

Tiltreding:

01.01.2026

Arbeidsstad:

Bjoa barnehage

Kontaktpersonar:

Kjetil Andre Skartland

mob: +47 90853989

Sofie Haugland

tlf: +47 53655880

mob: +47 93400190

Adresse:

Vågshagen 22 5582 Ølen

Kart: