Vindafjord kommune

Barne- og ungdomsarbeider 100 % fast stilling

Vil du bidra til å skapa eit godt grunnlag for livslang læring?

Me søker deg som er utdanna barne- og ungdomsarbeidar, eller har annan relevant utdanning/erfaring. Me har ledig 100% fast stilling frå 31.01.2026 i Skjold barnehage, med moglegheit for å starte før om du kan. 

Skjold barnehage ligg idyllisk til på Vikaneset, omgitt av vakker natur med nærleik til både sjø og fjell. Her får du jobbe i eit inspirerande miljø, med gode moglegheiter for uteaktivitetar og naturopplevingar saman med barna.

Barnehagen har 8 avdelingar og eit stabilt og godt arbeidsmiljø, der trivsel og samarbeid står i fokus. Me ser etter ein engasjert og omsorgsfull kollega som vil vera med å skapa ein trygg og utviklande kvardag for barna.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Viktig delansvar ved å gi eit godt sosialt, omsorgsfullt og pedagogisk tilbod til barna.
  • Vera ein varm, tydeleg og grensesetjande vaksen.
  • Vera ein god rollemodell for barna.
  • Observasjon/tiltak i forhold til einskildbarn og gruppe.
  • Utføre oppgåver pålagt av ped.leiar eller styrar.
  • Delansvar for å auka kvaliteten på tilbodet.
  • Halde deg fagleg oppdatert.
  • Vere med å utvikle språket til barna igjennom muntleg deltaking og samspel.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeider.
  • Andre med relevant utdanning og erfaring kan også søkje, og vil bli vurdert. Ein vil då få stillingskode som assistent.
  • Personen må vera skikka til å jobbe i ein av våre barnehagar, difor vil det verta lagt vekt på korleis søkjarane er eigna.
  • Det krevs godkjent politiattest ved tilsetjing.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
  • Du må lika å vera ute.
  • Du må lika å vera i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
  • Du må kunna bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kollegaer.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.11.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Skjold barnehage

Kontaktpersonar:

Vibecke Gundersen

mob: +47 92250252

Adresse:

Vikanesvegen 18 5574 Skjold

Kart: