Vindafjord kommune

PP-rådgjevar 100% fast

PP-rådgjevar

Ein av våre dyktige medarbeiderar skal slutte, difor søkjer me etter deg som har eit stort engasjement for born, unge og vaksne som strevar med utvikling og læring.  

Stillinga er plassert i Pedagogisk-psykologisk teneste for Etne og Vindafjord, der Vindafjord er vertskommune. PP-tenesta er ei verksemd med 7 fagstillingar i tillegg til leiar og merkantil, ein av stillingane er logoped. PP-tenesta er organisert under skuleeigar i Vindafjord kommune.

Vårt team består av engasjerte, modige og framoverlente fagpersonar som støttar kvarandre i eit trygt og godt arbeidsmiljø. Me er opptekne av inkluderande praksis som ser samanheng mellom allmennpedagogikk og spesialpedagogikk.

Me støttar barnehagar og skular med å leggje opplæringa betre til rette for å fremje inkludering, utvikling og læringsutbyte for barn og elevar. Dette skjer gjennom førebygging og tidleg innsats. I det førebyggjande arbeidet har me som mål å bidra til kompetanseutvikling og robuste system i konteksten barnet/eleven er ein del av. PPT har også ei sakkyndig rolle som inneber utarbeiding av sakkyndig vurdering der barnehagelova og opplæringslova krev det. Den sakkyndige vurderinga er grunnlaget for kommunen sine vedtak om spesialpedagogisk hjelp i barnehage og individuelt tilrettelagt opplæring i skule og vaksenopplæring.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Rettleia skular og barnehagar i å identifisera, kartleggja, analysera og iverksetja tiltak som fremmar inkludering, læring og eit trygt psykososialt miljø
  • Bistå i å utarbeida ein god modell for samarbeid med barnehagane og skulane, slik at me sikrar rett hjelp til rett tid.
  • Deltaking i tverrfagleg ressursteam på einingsnivå for tidleg innsats på individ og systemnivå.
  • Utreda barn/unge/vaksne sine behov og gje råd som grunnlag for barnehagen/skulen/vaksenopplæring si utforming av enkeltvedtak i saker der PP-tenesta er sakkyndig.
  • Vera ein samhandlingspart med andre instansar for barn/unge/vaksne sin oppvekst og utvikling i kommunen.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Master-/hovedfag i pedagogikk eller spesialpedagogikk.
  • Gode kunnskapar om PP-tenesta sitt mandat, organisering og arbeid. Samt kjennskap til lovar og forskrifter i skule og barnehage.
  • Førerkort klasse B.
  • Moglegheit for å nytta eigen bil i tenesta.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.

Ønskjeleg med:

  • Grunnskule- eller barnehagelærarbakgrunn
  • Test- og utgreiingskompetanse
  • Kompetanse og erfaring i rettleiing på barnehage og grunnskulen sitt område.

Personlege eigenskapar:

  • Du er strukturert og kan arbeida sjølvstendig.
  • Du er ein god samarbeidspart internt og ut mot systema me jobbar inn mot.
  • Du meistrar å arbeida individuelt og i team, med god kompetanse i møteleiing og samhandling.
  • Du likar å arbeida med varierte oppgaver, i ein fleksibel tilnærming.
  • Du syner god forståing for organisasjon, mandat og tverrfagleg samhandling.
  • Du er positiv til ny kunnskap og oppteken av å heva eigen og kontoret sin kompetanse.
  • Du er ein god bidragsytar sosialt, og oppteken av å spela andre gode.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

09.11.2025

Tiltreding:

05.01.2026

Arbeidsstad:

Ølen

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: