Vindafjord kommune

Lærar 100% fast småskulen

Me treng engasjert lærar på småskulen

Skjold skule søker deg som bryr deg om elevane, og som er oppteken av læring og meistring. Me veit at læring skjer best når elevane kjenner seg trygge, sett og forstått - og når dei vaksne rundt dei samarbeider om same mål. Difor legg me stor vekt på tillitt, gode relasjonar og eit inkluderande miljø for både elevar og vaksne. Hos oss møter du ein engasjert og fagleg sterk kollegaflokk med høg trivsel. Me har gode høve for uteundervisning og praktisk læring. Skjold skule har eit flott uteområde, og ligg nær både sjø og fjell. Søk då vel, og kom til oss!!

Kva får du jobba med hos oss?

  • Undervisning i småskulen
  • Være med på å rettleie elevar mot god sosial fungering
  • Du får meiningsfulle oppgåver som gir barn gode føresetnadar for ein trygg skulekvardag
  • Vera med og skapa eit trygt og strukturert læringsmiljø der alle opplever meistring og læring

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk. Kontaktlærartillegg

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent lærarutdanning for grunnskulen
  • Andre med relevant erfaring kan og søkje, men då vil stillinga bli mellombels. 
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Kan arbeida sjølvstendig og samarbeida i laget rundt barnet.
  • Er god på relasjonar med barn og vaksne.
  • Omsorgsfull, trygg og forutsigbar.
  • Løysingsorienter og systematisk.
  • Bidra positivt inn i skulen. 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/3096

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.10.2025

Tiltreding:

01.01.2026

Arbeidsstad:

Skjold skule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Vikanesvegen 4 5574 Skjold

Kart: