Vindafjord kommune

Kan dette være aktuelt for deg eller for nokon du kjenner?

Ringevikar reinhald for Bjoa barnehage

Me søker:

Ringevikar / ekstrahjelp til reinhald av Bjoa barnehage.

Tiltreding snarast.

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Me har behov for deg som kan og har lyst til å vera ringevikar på kort varsel.
  • Utføre dagleg reinhald av barnehagen.
  • Oppdrag kan vera frå ein dag til fleire i samanheng.

Kvalifikasjonar:

  • Du må kunne kommunisere på norsk, både munnleg og skriftleg.
  • Opplæring vert gitt, men kunnskap og erfaring med reinhald er ein fordel.
  • Førarkort er ein fordel, men ikkje eit krav. 

Personlege eigenskapar:

  • Samarbeide og kommunisere godt.
  • Sjølvstendig
  • Fleksibel
  • Pliktoppfyllande
  • Løysingsorientert

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø.
  • Fleksibel arbeidstid etter avtale.
  • God opplæring.
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning).

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/3045

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Deltid
Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

22.10.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Bjoa barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Østbøvegen 2 5585 Sandeid

Kart: