Vindafjord kommune

Spesialkonsulent vikariat

Spesialkonsulent søkes - med hjarte for oppvekst og hovud for løysingar!

Vår dyktige spesialkonsulent skal ut i permisjon, me søker derfor etter ein vikar i 80% stilling frå 1. desember 2025 til 25. oktober 2026. Som spesialkonsulent i oppvekst vil du få ansvar for spennande administrative oppgåver innafor analyse, utarbeiding av rapportar, journalføring, bestillingar og kontrollfunksjon innafor eige fagfelt. På Rådhuset vil du få kjekke kollegaer å samarbeida med.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Utarbeida rapportar og analyser, trekke konklusjonar og fremme løysingsforslag.
  • Ansvar og sakshandsaming innafor delegerte rammer.
  • Kontrollfunksjon innafor eige fagfelt.
  • Rettleiing av leiarar og andre tilsette innafor det aktuelle fagområdet.
  • Bidra i implementeringa av nye system og vera ein superbrukar.
  • Scanning.
  • Fakturering/refusjonar.
  • Lønn/timelister.
  • Oppfølging attestering av arbeidsavtalar/permisjonar/feriar.
  • Oppfølging og bistå einingsleiarar med økonomi og budsjett.
  • Andre oppgåver kan og tilfalle.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk

Kvalifikasjonar:

  • Relevant 3- årig høgskule/universitetsgrad. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet, stillinga vil da vera konsulent.
  • Gode digitale ferdigheter.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • God til å samarbeida.
  • God til å arbeida sjølvstendig.
  • Godt humør som bidreg positivt inn i arbeidsmiljøet.
  • Ønsker å lære nye ting og å tilføre organisasjonen kunnskap.
  • Serviceinnstilt.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/3033

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

23.10.2025

Tiltreding:

01.12.2025

Arbeidsstad:

Rådhuset

Kontaktpersonar:

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: