Vindafjord kommune

Sjukepleiarar med ønske om god eldreomsorg?

Sjukepleiar

Vil du vere med og skape ein trygg og god kvardag for våre bebuarar? Vil du utvikle deg innan fagområdet? 

Ølen omsorgssenter søker 4-5 engasjerte og fagleg sterke sjukepleiarar som vil bidra til å vidareutvikle våre tenester og sikre høg kvalitet i omsorga. Hos oss får du jobbe i eit inkluderande og tverrfagleg miljø, der bebuarane står i sentrum. Jo fleire me er - jo betre kvalitet på tenesta og gode arbeidsdagar for tilsette! Me ønsker fleire med på laget for å bygge ein god grunnmur for tenester og for de som tilsette på alle avdelingar samt natt.

Ølen omsorgssenter har ei avdeling for somatisk langtid med 14 bebuarar og korttid/rehabilitering med 13 plasser. Ein har tilsynslege 2 dagar i veka og fysio/ergo er tett knytt til korttid/rehabiliteringsavdelinga. 
Natt server begge avdelingane med 2 tilsette kvar natt samt nattpatruljen (heimetenesta natt) i bygdane.
Ølen omsorgssenter har og eige produksjonsskjøkken. 

Kva får du jobba med hos oss?

  • Bidra aktivt til å skape eit trygt og godt bumiljø for bebuarane.
  • Utføre sjukepleiefaglege oppgåver som kartlegging (t.d. NEWS), oppfølging, pleieplanar, tiltak og medikamenthandtering.
  • Ha kontakt med pårørande og samarbeid med lege.
  • Delta i og bidra til palliasjonsomsorg.
  • Rettleie kollegaer og studentar, og delta i tverrfagleg samarbeid.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling og kvalitetsforbetring av tenestene.

Me kan tilby:

  • Arbeidstidsordningar slik du ønsker: dag/kveld, reine langvakter eller ein kombinasjon langvakter/dag/kveld. Natt kan og kombinerast med dag/kveld. 
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn som ved 8 års ansienitet frå første dag
  • 25 000,- over garantilønn for arbeid på dag/kveld
  • 40 000,- over garantilønn for arbeid på natt
  • Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. 

Personlege eigenskapar:

  • Du vil yte gode tenester i eldreomsorga og for bebuarane.
  • Du har interesse for faget og held deg oppdatert – og likar å finne nye måtar å arbeide på.
  • Du har eit sterkt ønskje om å arbeide med menneske med komplekse og varierande hjelpebehov.
  • Du er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet og trivst med hektiske arbeidsdagar.
  • Du arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta.
  • Du er framoverlent og leitar etter gode tiltak for å gi best mogleg tenester – bebuaren kjem først!
  • Du er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingar – som sjukepleiar gjer du sjukepleiaroppgåver!
  • Du verdset eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/2966

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag
Kveld
Skift/turnus
Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

16.10.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Ølen omsorgssenter

Kontaktpersonar:

Annelin Bauge

mob: +47 97657778

Hanne Hegerland Skjold

tlf: +47 53656007

mob: +47 90238768

Adresse:

Rådhusplassen 30 5580 Ølen

Kart: