
Vil du bli med på laget?
Kontaktlærar - vikariat
Me har ledig eit 100% vikariat på Vats skule frå 01. Desember i år og ut juli 2026 med store moglegheiter for forlenging. Me leitar etter akkurat deg som brenn for læring, meistring og barns utvikling! Hos oss får du moglegheita til å jobba i småskulen, tett på elevane og saman med engasjerte kollegaer som vil at både du og elevane skal trivast og lukkast.
Hovudarbeidsoppgåver:
- Kontaktlærar for 1. klasse.
- Undervisning i norsk, matematikk, kroppsøving, samfunnsfag, KRLE og naturfag.
- Oppfølging av elevenes faglege og sosiale utvikling.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk og kontaktlærartillegg.
Kvalifikasjonar
- Godkjent lærarutdanning for grunnskulen eller annan undervisningskompetanse.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar:
- God til å samarbeida med andrekollegaer.
- Positivt elevsyn.
- God på klasseleiing.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
30.09.2025
Tiltreding:
01.12.2025
Arbeidsstad:
Vats skule
Adresse:
Saudavegen 6957 5578 Nedre Vats