Vindafjord kommune

Ein spennande sjanse til å prøve læraryrket ventar på deg!

Ringevikar

Har du lyst til å bidra til læring, trivsel og meistring? Har du lyst til å undervise og bidra til at elevar får gode læringsopplevingar? Vi ser etter engasjerte ringevikarar som kan tre inn i lærarrolla når det er behov. Som ringevikar hos oss får du ansvar for undervisning og klasseleiing, og du blir ein viktig del av skulekvardagen for elevane. 

Kva får du jobba med hos oss?

  • Variert arbeidshverdag – du får undervisningserfaring, møter ulike klassetrinn og fag, og får jobbe både med grupper og enkeltelevar.
  • Profesjonell utvikling – du vil jobbe saman med dyktige kollegaer, få veiledning, og utvikle dine pedagogiske evner og klasseleiing.
  • Mulighet til å gjere ein forskjell – du får sjansen til å bidra til elevane si læring og trivsel, i eit miljø som set eleven i sentrum.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå arbeid med barn og unge vil vere ein fordel, men ikkje eit krav.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Fleksibel og tilpassingsdyktig – kan raskt setje seg inn i nye situasjonar, klassar og fag.
  • Trygg og tydeleg – klarer å leie ei gruppe elevar på ein roleg og strukturert måte.
  • Fleksibel og tilpassingsdyktig – kan raskt setje seg inn i nye situasjonar, klassar og fag.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/2874

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.09.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Skjold skule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Vikanesvegen 4 5574 Skjold

Kart: