
Ringevikar
Vil du bli ringevikar i Skjold barnehage?
Me i Skjold barnehage har behov for engasjerte og fleksible ringevikarar som kan stille på kort varsel.
Kanskje er du ein ungdom med friår som ynskjer å jobbe med barn? Eller kanskje er du heimeverande og kunne tenkje deg ein meiningsfull og variert jobb i eit triveleg miljø?
Arbeidet vil vere på ulike avdelingar, både med småbarn og storbarn. Me ser etter deg som har lyst til å bidra til ein trygg og god kvardag for barna våre, saman med eit fagleg sterkt og inkluderande personalteam.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meinig og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong med den nye rolla di.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Du må ha lyst og interesse for å arbeide med barn.
- Du må vera personleg eigna for å jobba i barnehage.
- Du må kunne framvisa godkjent politiattest.
Personlege eigenskapar:
- Du er positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik, og er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
- Du må lika å vere i samtale med barn og kunne bruke språket aktivt saman med barna.
- Du må kunne bidra positivt til eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom kolleger.
- I Vindafjord nyttar me nynorsk som skriftspråk, og du må kunne prata og forstå godt norsk.
Personlege egenskaper vert vektlagt.
Andre opplysningar:
- Skjold barnehage er ein 8-avdelings barnehage som ligg på Vikaneset, nær sjø og skog.
- Me har eit aktivt og engasjert personale.
- Me har fokus på fagleg kompetanse og utvikling hos dei tilsette.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
25/2887
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
31.12.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Skjold Barnehage
Kontaktpersonar:
Vibecke Gundersen
mob: +47 92250252
Heimeside:
https://www.vindafjord.kommune.no/barn-og-skule/barnehage/vindafjordbarna/skjold-barnehage/Adresse:
Vikanesvegen 18 5574 Skjold