Vindafjord kommune

Vil du bidra til å skapa eit godt grunnlag for livslang læring?

Lærar

Vågen skule søker lærar for 1.-7.klasse i 100% fast stilling.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Variert arbeid i eit positivt miljø.
  • Undervisning i fag på barnetrinn. 
  • Mogleg kontaktlærar ansvar.
  • Oppfølging av grupper og enkeltelevar.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent undervisningskompetanse.
  • fagønsker: matematikk, engelsk og norsk.
  • Andre med anna relevant utdanning kan også søkja, då vert stilinga mellombels.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.

Personlege eigenskapar:

  • Kan jobba sjølvstendig og samarbeida i laget rundt barnet.
  • Er god på relasjonar med barn og vaksne.
  • er omsorgsfull, trygg og forutsigbar.
  • Er løysningsorientert og systematisk.
  • Bidrar positivt til det profesjonsfaglege fellesskapet på skulen.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/2450

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

23.07.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Vågen oppvekstsenter

Kontaktpersonar:

Kjetil Andre Skartland

mob: +47 90853989

Adresse:

Vågshagen 22 5582 Ølen

Kart: