Vindafjord kommune

Vil du gjere ein forskjell for menneske med rusutfordringar?

Miljøarbeidar

Vi veks, bli med på laget!

Vindafjord kommune har fått tilskot frå Statsforvaltar for å styrke arbeidet med menneske som står i krevjande livssituasjon prega av rus og utenforskap. Nå søker vi ein engasjert og modig mearbeidar som vil vere med å utvikle og forme dette tilskotet frå starten av.

80% stilling dagtid - eit års engasjement med mogligheit for forlenging.

Kva får du jobba med hos oss?

  • Kjøring og følgje til dagsenter, avtalar, behandling, NAV, lege og liknande
  • Oppfølging og praktisk støtte til personar med rusutfordringar
  • Miljøarbeid og vere tilstade i folks kvardag – både heime og ute i nærmiljøet
  • Bidra til å utvikle tenesta og få til den beste bruken av tilskotsmidla
  • Jobbe oppsøkande og fleksibelt

Me kan tilby:

  • Ein meiningsfull jobb der du får vere med å byggja opp eit nytt tilbod frå start.
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Muligheit til å jobbe lavterskel, praktisk og tett på målgruppa.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Gratis parkering.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk 

Kvalifikasjonar:

  • Me ser gjerne at du har fagbrev innan relevant fagområde, men legg også vekt på erfaring og personlege eigenskapar
  • Erfaring frå arbeid med rus, psykisk helse eller anna sosialt arbeid er ein fordel
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. 

Personlege eigenskapar

  • Er trygg i møte med menneske i ulike livssituasjonar
  • Trives med varierte dagar og liker å finne løysningar saman med andre
  • Må like å kjøre bil, bil kjøring er ein stor del av jobben
  • Er god på å byggje relasjonar og skape tillit
  • Må ha førarkort klasse B – bruk av eigen bil kan forekomme

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/2435

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

18.08.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Psykisk helse og rus

Adresse:

Rådhusplassen 1 5580 Ølen

Kart: