
Er du serviceinnstilt og likar kontakt med mennesker
Konsulent servicetorg og kommunikasjon
Me søkjer ein nøyaktig og effektiv konsulent i 100% fast stilling ved avdeling kommunikasjon og service i Vindafjord kommune. Avdelinga sine ansvarsområder er servicetorg, arkiv og politisk sekretariat. Hos oss vil du få moglegheit til å jobba med varierte og spennande oppgåver, i ein avdeling som set samarbeid, kompetanseutvikling og trivsel høgt. Hovuoppgåvene vil vere knytta til sentralbord, servicetorg og kommunikasjon, men i stillinga inngår det og oppgåver innan dei andre fagfelta på avdelinga.
Kva får du jobbe med hos oss:
- Daglege driftsoppgåver i servicetorget.
- Sentralbordoppgåver.
- Booking av bilar og møterom.
- Bruke og utvikle digitale løysingar som gjer kvardagen enklare for innbyggjarane.
- Ha ansvar for leasingbilane til avdelinga og fylgje opp service på desse.
- Ha medansvar for publisering på heimesider, intranett og sosiale media.
- Valarbeid dei åra det er val.
- Medvirkning i vidareutvikling av rutinar innanfor kommunikasjonsområde.
- Andre arbeidsoppgåver som fell inn under avdelinga sine fagområder.
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
- Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke ansattgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
- Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i service- og administrasjonsfaget. Lang relevant erfaring kan kompensere for utdanningskrav.
- God kjennskap til relevant lovverk som offentleglova og forvaltningslova.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
Personlege eigenskapar:
- Du likar å hjelpa - og gjer det med eit smil
- Du er god på data og digitale verktøy
- Du er strukturert, sjølvstendig og får ting gjort
- Du har gjerne erfaring frå servicetorg/innbyggjarservice og offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Referansenummer:
25/2282
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
08.07.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Ølen
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Rådhusplassen 1 5580 Ølen