
Vil du bidra til å skapa eit godt grunnlag for livslang læring
Pedagogisk leiar
Me søker pedagogisk leiar i 100 % fast stilling til Bjoa barnehage. Frå 01.08.2025. Barnehagen har ein avdeling og har plass til 30 barn. Barnehagen ligg naturskjønt til med skog, sjø og fjell i nærområdet. Der er gapahauk og lavo i kort gåavstand.
Kva får du jobba med hos oss?
- Dagleg leiarmedansvar og overordna administrativt og pedagogisk ansvar for si avdeling
- Ha medansvar for å observere barna og å skape gode leike og utviklingsmoglegheiter for dei
- Ha medansvar for eit godt foreldresamarbeid
- Ansvar for å gjennomføre og synleggjere pedagogisk utvikling på si avdeling saman med dei tilsette
- Være ein del av barnehagen sitt leiarteam
- Sjå barnehagen som heilskap og ha omsorg for alle barn
- Vere ein god rollemodell for dei andre tilsette i avdelinga og i barnehagen
- Utføre arbeid delegert av styrar
Me kan tilby:
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering og rabatt på treningssenter.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
- Utdanna barnehagelærar
- Anna relevant utdanning
- Erfaring frå arbeid i barnehage
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftsspråket i kommunen er nynorsk.
Personlege eigenskapar:
- Me søker ein positiv, engasjert, fleksibel og initiativrik person som er villig og positiv til å arbeide opp mot fleire aldersgrupper.
- Me søker ein strukturert og tydeleg person som kan jobba sjølvstendig og i team.
- Må lika å vera i samtale med barn og kunna bruka språket aktivt saman med barna.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Andre opplysningar:
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Del på:
Fylke:
- Rogaland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
08.07.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
For tiden Bjoa barnehage
Kontaktpersonar:
Kjetil Andre Skartland
mob: +47 90853989
Heimeside:
http://www.vindafjord.kommune.noAdresse:
Vågshagen 22 5582 Ølen