Vindafjord kommune

Vil du vera med å forma framtida til barn og unge på Ølen skule?

Lærar

Me søker ein vaksen som ønsker å vera ein del av oss på Ølen skule

Me har ledig 80% fast stilling som lærar på ungdomstrinnet ved Ølen skule. Me ønsker deg som brenn for barn og unge, og vil vera med å legge til rette for best mogleg oppvekstvilkår. Du vil jobba i eit godt arbeidsmiljø med mange dyktige, kompetente og varme vaksne som kvar dag gjere sitt beste for å gi danning og utdanning til elevane ved skulen vår. For å få fast stilling må du ha undervisningkompetanse (har du ikkje utdanning, kan tilsettinga bli mellombels). 

SØK I DAG!!

Kva får du jobba med hos oss?

  • Eit godt og trygt arbeidsmiljø med vaksne som bryr seg
  • Jobbe i team og individuelt
  • Planlegge og gjennomføre undervisning på ulike trinn
  • Bidra til å gjere skulekvardagen best mogleg for elevane
  • Tilrettelegge og gi ekstra støtte der det trengst 

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. Som nyutdanna lærar vil du få ein eigen mentor.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk
  • Det kan bli aktuelt med kontaktlæraransvar. Det vil bli utbetalt tillegg for dette ansvaret. 

Kvalifikasjonar:

  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk.
  • Du må ha undervisingskompetanse for å kunna undervisa i grunnskulen
  • Ønska fagutdanning er kroppsøving og kompetanse innan valgfaget "programmering"

Personlege eigenskapar:

  • Du er positiv og har engasjement for barn og unge
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du kan arbeida sjølvstendig, så vel som i team
  • Du har ei løysingsorientert tilnærming til arbeidsutfordringar
  • Du er ein autoritativ vaksen

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

Del på:

Referansenummer:

25/2193

Fylke:

  • Rogaland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.07.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Ølen skule

Kontaktpersonar:

Annika Andreassen

Stilling: Undervisningsinspektør

mob: +47 99263190

Gro Anett Espevoll

Stilling: Rektor

tlf: +47 53655782

mob: +47 95150434

Adresse:

Litlehagen 15 5580 Ølen

Kart: